Nyhet

Stor påskeglede på Kjeldsund

Mange ville vere med på påskeeggjakt

Mange ville vere med på påskeeggjakt

Fotograf:

NMS info

Skrevet av:
NMS
Publisert:
10.4.2026

For ein fantastisk kjekk dag det vart på Kjeldsund! Påskearrangementet samla svært mange barnefamiliar, og det vart ei påskefeiring full av liv, leik og gode opplevingar for både store og små.

Den levande påskevandringa engasjerte over hundre deltakarar, medan heile 350 barn la i veg ut i skogen på jakt etter påskeegg. Det var gøymt heile 300 egg, og skogen var full av ivrige små påskeharar. For dei som ikkje fekk med seg eitt av egga heim, fanst det heldigvis også trøstepremiar – noko som vart godt tatt imot.

Oppmøtet denne dagen førte til ny besøksrekord på Kjeldsund. Det store engasjementet og dei mange besøkande skapte ei flott ramme rundt arrangementet, men gjorde også at kiosken etter kvart gjekk tom for pølser. Likevel håpar vi – og trur – at mange kosa seg vidare med vaflar og anna godt i vårsola.

Ein stor og varm takk går til alle som tok turen og bidrog til å gjere dette til ein minnerik dag. Ei særleg takk vil vi rette til dei som i rekordfart pakka 300 påskeegg til den store eggjakta – ein heilt avgjerande innsats for at dagen kunne bli så vellukka.

Takk for fellesskap, glede og påskestemning 🌼

Del dette innlegget

Skrevet av:

NMS