Nyhet

Sterk og innhaldsrik markering av tidlegare NMS misjonær Sina Løken

Bildet viser en collage bestående av et bilde av Sina Løken, og en taler på en talerstol

Skrevet av:
Laila Karin Tusvik Helle
Publisert:
29.1.2026

Ein fullsett sal på Langevåg bedehus fekk sist laurdag høyre historia om misjonær Sina Løken, kvinna frå Langevåg som gjorde ein uvanleg stor innsats for dei spedalske på Madagaskar.

Representantar frå både kultur- og misjonsmiljø, i tillegg til mange i slekta, var samla for å løfte fram livet og gjerninga hennar – og for å drøfte korleis nye generasjonar kan få kjennskap til dette viktige pionerarbeidet.

Eit imponerande livsverk

Langevåg Indremisjon hadde førehand gjort eit stort arbeid med å samle kjelder, foto og fortellingar frå Løken sitt liv. Kjell Thorsen og Arne E. Dybdal delte gripande skildringar av den enorme arbeidsmengda ho stod i. Løken hadde ei tid ansvaret for ein heil landsby for spedalske, med rundt 900 menneske under si omsorg – både praktisk, medisinsk og åndeleg.

Ho organiserte matforsyning, bygde opp struktur og tryggleik, lærte seg både fransk og gassisk, og nådde menneske gjennom både omsorgshandlingar og forkynning. Det blir sagt at ho las alt ho kunne på gassisk for å forstå kulturen og folket betre.

Bildet viser et innrammet bilde av Sina Løken.
Foto: Laila Karin Tusvik Helle
Rikt hedra – men sjølv audmjuk

For innsatsen sin fekk Sina Løken fleire høgtidlege utmerkingar. Under eit av heimopphalda vart ho tildelt Kong Haakon VII sin fortenestemedalje i gull. På Madagaskar fekk ho frå franske styresmakter «Médaille d’Honneur des Épidémies». Seinare vart ho føreslegen til Den Franske Æreslegionen – ei utmerking som på den tida nesten berre vart gitt til menn innan politikk og vitskap.

Sjølv meinte Sina at ho ikkje hadde gjort seg fortent til slikt. Men NMS svara henne at om ho ikkje kunne ta imot for din eigen del, så kunne ho gjer det for misjonen sin skyld.

Og då gjorde ho det.

Tidsvitne og lokale minne

Kveldens einaste tidsvitne var Arne E. Dybdal, 95 år, som hugsar Sina frå barndomen. Han fortalde om korleis ho alltid tok seg tid til folk – om ho så møtte dei på vegen eller besøkte folk på kvileheimen. Historia hans gav arrangementet ei ekstra djupne som rørte mange i salen.

Andakt frå Sina – framført i originaldrakt

Eit høgdepunkt var då Kristine Hurlen framførte ei original andakt som Løken heldt på gamleskulen i Langevåg. Ho bar same type drakt som Sina nytta, utlånt frå Diakonissehuset, noko som gav andakta ei vakker og historisk ramme. Løken si avslutning med oppmoding om å i Herrens kraft fortsette å vere med i arbeidet både heime og ute var sterkt å høyre.

Kvelden var prega av både alvor og glede. Svein Blomvik, Askjell Molvær og Sulagutane bidrog med flott musikk og song.

Kvelden vart flott leia av Lars Erik Nesset og Margrete Aannø, i samarbeid med Langevåg Indremisjon.

Bildet viser Kristine Hurlen i diakonissedrakt som leser opp en andakt av Sina Løken
Kristine Hurlen i lånt diakonissedrakt leste opp andakta til Sina Løken. Foto: Laila Karin Tusvik Helle
Bildet viser Lars Erik Nesset og Margrete Aannø som leia samlinga
Lars Erik Nesset og Margrete Aannø leia samlinga. Foto: Laila Karin Tusvik Helle
Bildet viser Sulagutane stående på en scene
Sulagutane. Foto: Laila Karin Tusvik Helle
Bildet viser en misjonærkiste med S. Løken påskrevet
Bildet viser Sina Løkens misjonærkiste stående foran et malt portrett av henne
Bildet viser to menn sittende i en stol mens de holder en mikrofon. I bakgrunnen ser vi et bilde på en projektor av Sina Løken
Del dette innlegget

Skrevet av:

Laila Karin Tusvik Helle
Regionkoordinator