Samla til regionalt samarbeid på Sjøholt

Fotograf:
Laila Karin T. Helle
Tysdag 19. mai var representantar frå heile NMS Møre samla til regional samling på Kyrkjetorget på Sjøholt. Tilsette og frivillige frå områdeutval, gjenbruksbutikkar, Kjeldsund leirstad, NMSU og regionstyret møttest for å dele erfaringar, få ny inspirasjon og styrke samarbeidet på tvers av arbeidet i regionen.
–Samlingar som dette er viktige møteplassar der vi kan lære av kvarandre og sjå korleis dei ulike delane av NMS heng saman, seier regionstyreleiar Olav Gading.
Inspirasjon frå lokalt arbeid
Kvelden starta med eit varmt måltid før deltakarane fekk høyre korte innlegg frå tre kyrkjelydar, samt frå Gjenbruk og Kjeldsund leirstad. Her vart det delt konkrete erfaringar frå lokalt arbeid og ulike måtar å samarbeide på.
Innlegga gav eit levande bilete av breidda i arbeidet – frå engasjerte kyrkjelydar til viktige møteplassar gjennom gjenbruksbutikkane og leirstaden.

Misjonsavtalen i fokus
for samlinga var samarbeidet mellom NMS og kyrkjelydane gjennom misjonsavtalen.
May Lisbeth Hovlid Aurdal heldt eit engasjert innlegg der ho forklarte kva ein misjonsavtale er, korleis han kan brukast i praksis, og kva slags informasjon NMS gir til samarbeids kyrkjelydar.
Både Olav Gading og May Lisbeth løfta fram viktige spørsmål:
- Kva kan NMS bli betre på?
- Kva kan kyrkjelydane bidra med?
- Korleis kan vi motivere og inspirere til endå sterkare samarbeid?
Gjennom innlegga vart det tydeleg korleis dei ulike greinene i NMS høyrer saman og er avhengige av kvarandre i arbeidet for misjon.

Viktige innspel frå samtalar rundt bordet
I samtalane rundt borda kom det fram fleire konkrete og viktige innspel som regionstyret tek med seg vidare, mellom anna:
- Det er avgjerande å ha eigne misjonskontaktar i kyrkjelydane og sokneråda
- Desse kontaktpersonane treng jamnleg oppfølging, motivasjon og opplæring – dei må oppleve seg inkluderte
- NMS bør peike ut ein ansvarleg person som følgjer opp kontaktpersonar i eit avgrensa geografisk område
- Mange kyrkjelydar ønskjer besøk og tettare kontakt
- Det er behov for tydelegare forventningar til samarbeidet frå begge partar
- Gjenbruksarbeidet kan i større grad synleggjerast i kyrkjelydane
- Det ligg eit potensial i auka involvering og rekruttering av nye frivillige
- Kyrkjelydar kan inviterast til å reklamere og til å sjølve kjøpe lys frå Gjenbruk

Takk for lang og tru teneste
Under samlinga nytta regionstyret også høvet til å takke May Lisbeth Hovlid Aurdal for ein stor og trufast innsats i NMS gjennom snart 30 år. Ho går av med pensjon i august, og vart takka for det viktige arbeidet ho har lagt ned for misjonen og samarbeidet med kyrkjelydane.

Ein viktig møteplass
Den regionale samlinga stadfesta kor viktig det er å møtast på tvers – både for åbli betre kjende og for å utvikle arbeidet saman.
– Når vi møtes, deler erfaringar og løftar blikket i lag, skaper det både motivasjon og retning vidare, seier Gading.
Regionstyret vil no arbeide vidare med innspela som kom fram, slik at samarbeidet mellom NMS og kyrkjelydane kan bli endå sterkare i åra som kjem.

Skrevet av:


