Saman som kyrkje i Sykkylven kyrkje

Søndag 7. juni vart det feira ein flott "Saman som kyrkje"-dag i Sykkylven, der Ikornnes og Sykkylven kyrkjelydar gjekk saman om å løfte fram misjonsavtalen med NMS sitt arbeid i Midt-Austen
Dagen starta med familiegudsteneste i Sykkylven kyrkje. Her deltok m.a. Søndagsskulen og Jippi-koret med song og barn og unge var aktivt med i både liturgi, bøn og dramatisering. Gjennom gudstenesta vart misjonsoppdraget levande formidla av May Lisbeth Hovlid Aurdal frå NMS som fekk dele frå arbeidet i Midtausten på ein engasjerande måte.


Etter gudstenesta fortsatte dagen med fest, kaker og aktivitetar for store og små. Sunnmørsk kakebord, vafler, popkorn og eit rikt utval av aktivitetar som hobbybord, ansiktsmaling, lykkehjul og utlodning med flotte handarbeid laga av kreative damer – både frå og utanfor misjonsforeiningane.
Eit høgdepunkt for mange vart ein eigen Kahoot, der deltakarane fekk teste kor mykje dei hadde fått med seg frå innhaldet i gudstenesta og det som elles vart formidla gjennom dagen. Resultatet viste stort engasjement og god oppmerksamheit – til stor applaus for både små og store deltakarar.

Dagen vart ei flott påminning om kva det betyr å vere kyrkje– både lokalt og globalt. Gjennom fellesskap, engasjement og glede fekk kyrkjelyden vere med og sette misjon på dagsorden, og samtidig styrke banda mellom menneske i alle aldrar.
Takk til alle som bidrog og gjorde denne Saman og Dele-dagen mogleg!


Skrevet av:


