Redesign-helg på Kjeldsund

REDESIGN: Redesign-helg på Kjeldsund med Laila Endresen og Dorthe Lervik
Fotograf:
Laila Karin Tusvik Helle
Har du sansen for redesign, er dette noko for deg!
Helga 27. - 29. oktober kan du være med på «Use your talents» i praksis. Då er det redesign-helg på Kjeldsund.
Her kan du få hjelp til å sy «finkjole» av gjenbruksklede eller gi nytt liv til plagg frå eiga garderobe. Alle interesserte i alle aldrar er velkommen til ei kreativ helg med symaskin, godt fellesskap og god mat.
Det blir «Use your talents» i praksis denne helga og du må ta med:
- Symaskin
- Saks
- Plagg til omsying
Vi har gjenbrukskjoler og sytråd for sal om du treng.
Pris for heile helga inkl. måltid og overnatting i oppreidd seng: 1900 kroner (einerom 2200 kroner)
Påmelding snarast til:
Laila Endresen på telefon 920 87 067 eller NMS' regionkontor ved Laila Helle på telefon 404 06 060, eller på e-post lailath@nms.no.
Skrevet av:



