Påskevandring og misjonsglede i Harøy kyrkje

Bønevandring med perler
Fotograf:
Else Marie Lervik Coates
Områdeutvalet i Nordre og Auste Sunnmøre sendte ut tilbod til alle kyrkjelydar som har misjonsavtale med NMS om at vi kunne kome på gudsteneste med litt misjonsinformasjon i samband med offer til misjonsavtalen.

Sandøy sokn ønska oss velkomen, og palmesøndag var Astrid Ulvestad Øygard og underteikna, Gunhild Bjørkhaug, med på familiegudstenesta i Harøy kyrkje.
Astrid hadde påskevandringspreike der ho gjekk gjennom kva som skjedde dei ulike dagane i påska ved hjelp av den lange påskeduken vi hadde rulla ut gjennom heile kyrkja. Gunhild hadde misjonsinformasjon om Kamerun og spesielt om døveskulen i Ngaoundere. Vi viste ein liten informativ filmsnutt om arbeidet i Kamerun.
Vi la opptil bønevandring med fleire stasjonar med blant anna perlekrukke. Der kan ein legge oppi perler og be ulike bøner. Likedan hadde vi ein stasjon med papirblomster som folda seg i vatn.
Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og påskeeggjakt inn i kyrkja.








