Påfyll for både hender og hjarte

Strikkehelg på Kjeldsund
Fotograf:
Ruth Linda Osnes
30. november til 1.november vart det arrangert Strikkehelg på Kjeldsund for tredje gong. Ein fin bukett damer samlast og alt var lagt til rette for ei helg med strikk, god prat og program.
Helga på Kjeldsund leirstad starta med god kveldsmat og deretter var det strikke-kino på «Blårommet». Tradisjonen tru avslutta vi dagen med Ruth Linda og gitaren, allsong og fine dikt. Laurdagen var det flexi-frukost med ord for dagen. Ein kunne gå ein tur, strikke og litt ut på dagen var det presentasjon frå dei forskjellige aktørane som hadde stand.
Vi hadde med Studio Lun, Hettestrikk, Cecilie Leinebø Thomas og Bergfruas lappar. (Hettestrikk og Cecilie var ikkje sjølv til stades men vi var så heldige å få ha produkta deira med heile helga).



Til lunsj var det rømmegraut med spekemat til. Dagen elles vart brukt til strikk og gode samtalar rundt borda i peisestova.
Etter ein betre middag reiste mesteparten av gruppa til Herøy Gard for å gå ein «Sti i takksemd». Det var ei vakker og sterk oppleving.
Etter ein god frukost søndagen såg vi ein film om oversettingsarbeid av bibelen på Madagaskar før vi samen hadde «strikke-gudsteneste» på «Blårommet». Gudstenesta vart vist på storskjerm.
Helga vart avslutta med ein god lunsj før vi alle drog kvar til sitt. Takk til kvar enkelt som var til stades og bidrog til ei flott helg!





Skrevet av:


.png)