Områdestemne med misjonsglede i Valderøy kyrkje

Fotograf:
Laila karin Tusvik Helle
Valderøy kyrkje var søndag samlingsstad for årets områdestemne for Nordre og Austre Sunnmøre. Dagen vart ei rik markering av fellesskap, misjonsengasjement og kyrkjelydsliv – med høgtid, glede og misjon i fokus
Sokneprest Gunnhild Bremer leia gudstenesta denne søndagen,der teksten for Marias bodskapsdag stod i sentrum. Ho løfta fram korleis Mariasitt ja til Guds kall peikar fram mot kyrkja sitt eige misjonsoppdrag: å berebodskapen vidare, ut i verda, med mot og tillit.
Misjonær Anne Storstein Haug, som arbeider for NMS iThailand, knytte dette vidare til misjonsarbeidet i vår tid. Ho delte sterke ogengasjerande glimt frå kvardagslivet i Thailand – om møte mellom kulturar, omkyrkjer i vekst og om korleis evangeliet får nytt liv i nye samanhengar.
Under gudstenesta fekk vi òg nyte vakker song framført avApril, akkompagnert av Jorunn Bakke Orvik. Inngangsprosesjonen med dåpsbarn ogflaggborg understreka det globale perspektivet som prega heile dagen.
Etter gudstenesta samla forsamlinga seg i kyrkjekjellarentil nydeleg biffgryte, gode samtalar og eit fellesskap mange sette stor prispå.
Årsmøtet gjekk føre seg i god orden, med gjennomgang avårsmøtesaker og val. Det var tydeleg at områdeutvalet har lagt ned mykje godtarbeide gjennom året.
Seinare på dagen venta eit innbydande kakebord – ei hyggelegog velfortent pause før misjonsfesten.
Misjonsfesten runda dagen på ein svært fin måte. Her fekkforsamlinga høyre meir om misjonsarbeidet i Thailand, og Anne Storstein Haugformidla med både varme og tyngde om menneske, menneskehandel, utfordringar –og ikkje minst håp – i arbeidet ho står i.
Tusen takk til mannskoret ASAF som bidrog på festen med godsong,
Det er all grunn til å rette ein stor og hjartelig takk tilområdeutvalet for ein imponerande innsats. Dei skapte ein dag som kombinertefellesskap, inspirasjon, ettertanke og glede – ein verkeleg flott misjonsdag iValderøy kyrkje.










