Områdestemne for Søre Sunnmøre

Fotograf:
Laila K. Tusvik Helle
Områdestemnet for Søre Sunnmøre fekk ein flott start med misjonsgudsteneste i Hareid kyrkje. Sokneprest Lars Hartig-Tangedal var liturg og Barbro Landmark var medliturg medan Nils Endre Eikeland hadde dagens preike.

Etter gudstenesta gjekk turen vidare til Kjeldsund leirstad. Der vart det servert heimelaga brennsnut før årsmøtet og den påfølgjande misjonsfesten.
Årsmøtet vart framifrå leia av Knut Johan Rønningen, leiar i områdeutvalet.

Nils Endre Eikeland frå NMS i Stavanger deltok gjennom heile dagen, både med preike i kyrkja og tale under festen på Kjeldsund. Her talte han over temaet Jesus som førebilete – og utfordra oss til å vere villige til å la oss avbryte av Gud i kvardagen vår.

Vi fekk også høyre siste nytt frå misjonsarbeidet på Madagaskar, formidla av Johanne Leinebø. Ho delte særleg aktuelle refleksjonar knytt til situasjonen etter det politiske presidentvalet i landet, og ga oss eit viktig innblikk i korleis dette påverkar menneske og kyrkje.

Den musikalske ramma for dagen stod Karoline og Sofie frå Folkestad for, med nydeleg song som rørte mange i salen. Tusen takk!

Det var og hyggeleg og interessant å få helse på den nye daglege leiaren på Kjeldsund, Eileen Gjerde. Ho presenterte nokre av dei interessante planane for leirstaden framover.

Alt i alt vart det ein innhaldsrik og inspirerande dag, der misjonsengasjement, fellesskap og tru fekk stå i sentrum.
Takk til alle som bidrog til å gjere områdestemnet for Søre Sunnmøre til ei god oppleving!

Skrevet av:



