Midtøsten september 2026

Fotograf:
Middel East Concern
«Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik?» skriv Paulus i Romarbrevet 8,35. «Naud eller angst eller forfølging eller svolt, å stå naken eller i fare eller framfor sverd?»
Mauritania ligg like vest for Mali. I vår blei tre kristne menn i dette landet fengsla etter å ha blitt utsett for eit sverdangrep i kyrkjelyden. No er dei dømde til strenge straffar for mord, etter at sverdmannen døydde i fengsel. Kristne i Mauritania ber om forbøn for dei tre, for familiane deira og for kyrkja, som har vore mål for ein hatkampanje i fleire år.
Det er NMS sinsamarbeidspartnar Middle East Concern (MEC) som meldte dette i eit nyhetsbrev tidlegare i sommar. Denne kristne menneskerettsorganisasjonen jobbar spesielt for å forsvara trusfridomen til kristne som blir forfylgde.
Det var i februar i år at ein ung mann kom på besøk til leiaren for kyrkja sør i Mauritania. Medan han var der prøvde han å angripa folk med eit sverd som han hadde gøymd, før han flykta frå staden. Folk på gata fanga han og overleverte han til politiet, men han døydde i politiet sin varetekt. Obduksjonen kunne ikkje påvisa nokre skadar på mannen. Likevel var det dei han hadde gått til angrep på, som blei skulda for mord.
Dette er berre eitt av mange døme på den uretten som mange kristne i mange land i Midtausten kan oppleva, men bildet er svært samansett og mange opplever stor grad av fridom til å leva som kristne. Mauritania er eitt av dei vanskelegaste landa å bu i for kristne, særleg for dei som kjem frå ein muslimsk bakgrunn.
Middle East Concern er ein seriøs partnar med god oversikt og rettar eit særleg fokus på dei som opplever forfølging og fengsling. Dei siste månadane har dei også meldt om kristne som har sleppt fri frå fengsel, til dømes i Syria og i Iran. Midt i all motstand opplever dei kristne at «ingenting kan skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre». Det er også godt for dei å vita at kristne i andre land er med og ber for dei.
SAT-7 står saman mediranske kristne i ei vanskeleg tid

Krigen som USA og Israel har ført mot Iran det siste året, har ført til store vanskar for iranske kristne, som gjerne blir skulda for å vera femtekolonnistar for fienden.
Den kristne medieorganisasjonen SAT-7 melder at det var ei særleg vanskeleg tid for mange kristne då Iran stengde ned internett i nesten tre månadar denne våren. Då kunne dei ikkje delta på dei populære webinara som SAT-7 har organisert. Det siste webinaret handla om «korleis unngå å kollapsa i vonde tider».
Mange av dei iranske kristne lever spreidde rundt i landet, utan ein kyrkjelyd å vera med i. Då er det godt for dei å kunna sjå TV gjennom SAT-7 sin kanal på farsi. Men TV er einvegskommunikasjon.
– Webinara gir eit heilt anna interaktivt rom for å stilla spørsmål og få personleg støtte, seier Ashraf Khalilpour, som jobbar med sjåarkontakt i SAT-7 Pars.
Deltakarane fortel korleis dei finn nytt håp gjennom å vera med på webinara.
– Me treng nokon som kan lytta til oss, høyra på det som gjer oss vondt, verkeleg forstå vår smerte, seier Dadmehr.
Ein annan deltakar, Elham, skreiv:
– Eg har vore gjennom ei tøff tid med mange spørsmål og utfordringar. Men gjennom desse tre dagane med webinar er eg blitt fornya og har nesten klart å komma tilbake til eit normalt liv.
Takk for at din kyrkjelyd er med og ber for kristne i Iran, Mauritania og andre land i Midtausten!
Ver med og be for
- Fred og rettferd for alle folk i Midtausten
- Takk for SAT-7 sitt arbeid med å styrke den lidande kyrkja gjennom TV og sosiale medier i hele Midtøsten.
- Takk for Middle East Concern og deira arbeid for å forsvara trusfridomen til kristne.
- Be om at fleire må bli kjent med Guds kjærleik i Jesus Kristus
- Be om at fleire må bli kjent med Guds kjærleik i Jesus Kristus
Offerappell
Offerappell til menigheten (bokmål):
Hjertelig takk for gaven til arbeidet som NMS driver i Midtøsten. Sammen med kristne i Midtøsten deler vi troen på Jesus, er med og utrydder fattigdom og kjemper mot urett.
I Midtøsten samarbeider NMS med kirker og kristne organisasjoner som deler evangeliet gjennom massemedia, arbeider for trosfrihet og menneskeretter og gir støtte til kvinner, barn og marginaliserte grupper.
Offerappell til kyrkjelyden (nynorsk):
Hjarteleg takk for gåva til NMS sitt arbeid i Midtausten. Saman med kristne i Midtausten deler vi trua på Jesus, er med og utryddar fattigdom og kjempar mot urett.
I Midtausten samarbeider NMS med kyrkjer og kristne organisasjonar som deler evangeliet gjennom massemedia, arbeider for trusfridom og menneskerettar og gir støtte til kvinner, barn og marginaliserte grupper.
Skrevet av:

