Nyhetsbrev fra Mali september 2026

Moske i Mali.
Fotograf:
Espen Schiager Topland
For nokre år sidan inviterte ein storfamilie som for det meste bestod av koranlærarar meg (NMS-misjonær Frode Brugger Sætre) til å koma ein gong i veka for å ha undervisning hjå dei.
Via ein tidlegare Koran-elev hadde dei høyrt at profetbøker var omsett til deira morsmål, og at ein kunne få undervisning i desse bøkene. Eg hugsar godt dagen eg hadde med Jonas bok (eller boka til profeten Yunus som fulaniane kjenner han som) til dei. Det vart heilt stille i ein halv time, medan alle satt med bøygde hovud og las gjennom boka.
Eit par år seinare fortalde ein fulani-mann om korleis han hadde brukt år av sitt liv på å be over eksistensielle spørsmål som fylte hans indre:
– Korleis kan Gud tilgje meg mine synder? Korleis kan eg få vissheit om å bli frelst?
Denne mannen kunne ikkje lesa. Av og til var det jihadistar i området, så det var vanskeleg å besøka han fast. Eg tok med ein mediespelar med evangelia innlest på fulani, og sa at han kunne sjå om han fann svar på spørsmåla sine i Jesu liv og lære. Svaret kom eit par år seinare i form av ein sterk draum som viste tydeleg at Jesus er vegen til paradis. Sidan den gong har denne mannen som brukte mykje av dagane sine i moskeen gått trufast på gudsteneste.
Guds ord er attraktivt og virkekraftig, og misjonen jobbar med å gjera det tilgjengeleg på Maasina-fulani. Moussa Sankare heiter han som leiar arbeidet med å omsetja Det gamle testamentet til fulani. Moussa er leiar for eit team med arbeidarar frå MELM (NMS sin partnarorganisasjon i Mali), Wycliffe i Storbritannia og ein amerikansk reformert misjon. Det nye testamentet var ferdig omsett i 2005, og Moussa og medarbeidarane hans har god framdrift i å omsetja Det gamle testamentet.

Målet er ikkje berre å omsetja Bibelen, men at den skal bli tatt i bruk. Misjonen jobbar no for å styrka arbeidet med å gjera Bibelen tilgjengeleg for folk.
I haust skal Moussa lesa inn bøker frå Det gamle testamentet på lydfiler som kan gjerast tilgjengeleg for analfabetar via smarttelefon og sosiale medier. Lydfiler fungerer veldig godt i ein munnleg kultur. I tillegg skal misjonen hausten 2026 rekruttera ein eller to lokale bibelpromotørar. Desse skal knyta kontakt med og utrusta lokale kyrkjelydar og andre som har kontakt med fulaniar.
Dei skal også starta og følgja opp lyttegrupper som møtest for å lytta til bibeltekstar, driva alfabetisering og vera med å utvikla materiell på fulani til bruk for born og unge i fulanikyrkjelydane. Slik skal dei leggja til rette for at bibelbøkene Moussa Sankare og teamet hans omsett vert gjort tilgjengeleg for folk på morsmålet deira. Bibelen til folket!
- Takk og be for arbeidet til Moussa Sankare og teamet om omset GT til Maasina-fulani.
- Be om at misjonen må tilsetja dei rette personane som bibelpromotørar, og at dei må koma godt i gong med det nye arbeidet.
Skrevet av:



