Nyhetsbrev til menigheter

Nyhetsbrev frå Japan september 2026

En som leser fra prekestolen

Fotograf:

Jone Unlayao Slettebø-Knudsen

Skrevet av:
Jone Unlayao Slettebø-Knudsen
Publisert:
14.9.2026

Mens sommaren har bydd på både ekstrem varme, tyfonar og styrtregn, har Jone og Berly også tatt viktige steg vidare i tenesta i Japan. Dei er no i gang med opplæring til presteteneste, gler seg over nye leiarar i kyrkja og ser fram mot framtidig teneste i Nishi-Nara. Samtidig takkar dei for forbøn og støtte frå vener av Japan-arbeidet i Noreg.

Eg ønsker å begynne dette brevet med ein enkel men mykje brukt Japansk frase nå på sommarstid her i Japan: «暑すぎます» (Transkribert: Atsusugimasu). Landet er bygd på ryggene til bønder som lever med erfareringen av ekstremvær som ein del av sesongarbeidet. Sidan sist brev har vi fått erfare både jordskjelv, tyfon og store mengde styrtregn. Da er det ikkje rart at Japanarane generelt er ganske opptatt av vær, og har mange fraser og ord som vert brukt for å beskrive spesielle forhold. Frasen over er litt vanskeleg å omsetje då den eksister eit steg over det gradbøying av adjektiv på norsk tillèt oss å formulere, men på Jæren ville vi ha sagt noko slikt som «Nå var det jysla varm!». For å utdjupe for dei som ikkje kjenner til jærsk sjargong, så har vi eit meir fysiologisk eksempel på kor varmt det er her i Japan akkurat nå.

I Noreg er det så lite sol på vinteren at kroppen ikkje produserer nok D-vitamin, og vi vert deprimert. Vinterdepresjon.

I Japan er sola så sterk, og det er så varm at menneske ikkje kan gå ut på sommarstid då det er farleg for helsa. Menneske vert fanga i sine eigne hus på det varmaste, og ein får sommardepresjon.

Opplæring i kyrkjelege handlingar

Når har vi vært busett i Japan i litt under 1 og eit halvt år. Språket går langsamt i rett retning, men vi er takksame for at det framleis ligg tid til språk og kulturstudie framføre oss. Det som er nytt frå våren av er det at vi også har kome i gang med opplæring innanfor kyrkjelege handlingar. Så langt har vi observert i gravferder, hat grunnleggjande opplæring i liturgi samt ein innføring i den japanske salmeboka. Den japanske salmeboka må seiast å vera nostalgisk for oss nordmenn, då mange norske salmar har fått sin japanske omsetjing her.

Pensjonist: Yukiko Yamaoka Idland, og ny ordinert prest: Mie Tamura

Den 1. mars hadde Yukiko Yamaoka Idland sin siste gudsteneste i Nishinara kyrkje, og i regi av dette vart ho formelt takka for sin teneste av NMS under årets «soukai» (Generalforsamling). Etter lang tids teneste i både KELC og NMS, med meir, gjekk ho nå av med pensjon. Samstundes vart det duka for fest. Mie Tamura, ein person som mange kjenner frå teneste i Japan, vart ordinert til ny prest. Ein ny forkynner vart også vigsla til teneste i KELC under same samling. Vi ser fram til å gjere teneste saman med dei frå våren 2027.

Renovasjonsprosjekt av prestebolig

I sommar starta arbeidet med å renovere våre framtidige prestebolig. Vi skal etter endt språkstudium flytte til Nishi-Nara kyrkjelyd for å stå i presterollen der, samt bo i kyrkjas prestebolig i etasjen over kyrkjesalen. Vi kjem ikkje til å ha rollen som «sekinin bokshi» (Ansvarleg prest), men kjem til å dekke 2 til 3 søndagar i månaden mellom oss. Dette for å få ein roleg opplæring i den japanske prestens rolle og virke, som er litt annleis slik vi kjenner det i frå Noreg. Her er det mindre dåp og gravferd, og tida vert brukt til opplæring av nye medlem samt undervisning og bibellesing saman med dei trufast.

Inspirasjons- og bønnetur til Japan

I November gleder vi oss til å ta imot ein gjeng frå Noreg som kjem til Japan på inspirasjons- og bønnereise. Mange av dei som kjem er knytt til NMS sin bønnekampanje rundt arbeidet i Japan, og vi har hatt direkte brevutveksling med mange av dei. For oss er bønn noko av det viktigaste de kan bidra med, då det skaper tryggleik rundt arbeid, misjon og familie. Det er godt for oss i Japan å vite at det sitter mange rundt om i verden og ber for akkurat oss og NMS sitt arbeid.

Ønsker du å bidra med bønn for Japan, samt ta imot resursar og inspirasjon rundt Japan og bønneliv? Da kan du gå inn via lenka under og melde deg på bønnekampanjen «Be for Japan!».

Heimreise og generalforsamling

Til slutt ønsker vi å legge ved ein takk til alle som brukte av sin tid til å delta på årets generalforsamling i Bergen. Vi hadde med oss representant frå vår partnerkyrkje i Japan KELC (Kinki Evangelisk lutherske kyrkje), Charles Klingensmith, og han takker varmt for måten han vart tatt imot på og for alle dei gode samtalene og menneskemøta han fekk oppleve. Nye tankar rundt misjon, NMS og partnarskap fekk sitt utrykk, og vi gleder oss til å vidareføre det gode samarbeide vi har i Japan.

Mvh.

Jone og Berly Unlayao Slettebø-Knudsen

Del dette innlegget
https://nms.no/nyhet/nyhetsbrev-fra-japan

Skrevet av:

Ansattfoto av Jone Unlayao Slettebø-Knudsen
Jone Unlayao Slettebø-Knudsen
Misjonær

Relaterte nyheter