
Misjonsmesse i Ørsta samla inn nær 60 000 kroner til Thailand
Også dette året hadde vi Misjonsmesse til inntekt for Ørsta Kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt blant barn og unge i fattigområde i Thailand.
På førehand hadde nokre dyktige damer baka lefser, andre hadde selt lodd på kjøpesenteret.
Tidleg på sjølve messedagen var ei gruppe menn i gang med rigging av bord, dekking og så vidare. Dette gjekk unna med liv og lyst!
Og gjennom dagen var det mange frivillige i sving med ulike oppgåver.
Då klokka var 11.30, blei dørene på kulturhuset åpna, og det var godt med folk heilt frå starten.
I år fekk vi besøk av det misjonsengasjerte paret Drøpping, som hadde med flott heimelaga handarbeid. Inntekta delte dei mellom NMS og vårt misjonsprosjekt.
Ellers var det sal av lefser, handarbeid, lodd, årar, tombola og kafeteria med masse god mat.
I Ørsta har vi to flotte barnekor, og eit av dei deltok med flott sang.
Arild Bakke var i området, så det passa fint at han kunne ha andakt.
Når resultatet i kroner er klart, kan Ørsta Kyrkjelyd sende over nær 60 000 til våre vener i Thailand.







