Menneskemøter på historisk grunn

Noko nytt spirer fram i det som ein gong var ein internatskule for misjonærbarn på Madagaskar.

Kultur- og kompetansesenteret Lovasoa, «den gode arven» på gassisk, bygger vidare på noko som starta for 154 år sidan.

Arven

I 1870 kjem NMS-misjonær Thorkild Guttormsen Rosaas til Antsirabe og bygger misjonsstasjon, leprakoloni, vegar og vatningsanlegg, for å nemne noko. Byen veks i takt med talet på misjonærar som etter kvart får barn. I 1881 bygger NMS ein internatskule der misjonærbarna kan bu medan foreldra turnerer rundt omkring på øya. Rundt 650 har hatt heile eller deler av oppveksten sin på Madagaskar. No er internata blitt til kontor, kapell og gjestehus. Likevel ligg historia tungt i veggane. Dei fortel om vekkingar, kyrkjevekst, skulegang og helsehjelp, men også om tårer.

Over 800 misjonærar

− Generasjonar av nordmenn har hatt sitt virke her. Over 800 i tillegg til barna, fortel NMS-utsending Audhild Steinnes Heum som bur på Lovasoa saman med mann og tre barn.[caption id="" align="alignleft" width="198"]

Audhild Steinnes Heum

Audhild Steinnes Heum[/caption]− Då skulen vart lagt ned i 2008, idémyldra partnarane NMS og Den gassisk-lutherske kyrkja (FLM) om kva dette enorme anlegget skulle brukast til. I 2011 blir kultur- og kompetansesenteret Lovasoa grunnlagt med eit ønske om å bygge vidare på arven frå dei djupe misjonsrøtene, fortset Heum.Gradvis blir gamle klasserom og internat til konferansesalar og kapell, gjestehus og grupperom. Det kjem volley- og basketballbanar, men først og fremst menneske, ein smeltedigel av folk som skal bere Lovasoa-tida med seg i hjartet resten av livet.

Del dette innlegget

Skrevet av:

Helene Reite Uglem
Redaktør for Misjonstidende (permisjon i 2025)