Kreativ friluftsgudsteneste på Ellingsøya – med SAT-7 i fokus

Fotograf:
Dorthe Lervik
Det vart ei innhaldsrik og kjekk friluftsgudsteneste då Ellingsøy kyrkjelyd inviterte til familiegudsteneste nyleg. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og eit triveleg aktivitetsopplegg ved naustet nedanfor kyrkja.
Borna som hadde overnatta på kyrkjeleir, stod for aktivitetane – og dei hadde verkeleg lagt ned ein flott innsats! Her var det mogleg å prøve seg på ulike opplevingar, alt frå hårfletting til massasje og møte med «spåkone». For nokon vart det kanskje litt spennande, men det fanst òg rolege og gode alternativ – og fleire kunne nyte ein avkoplande massasje, til stor glede.


Samtidig var arrangementet knytt til kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt gjennom NMS, der SAT-7 står i sentrum. For å samle inn midlar til prosjektet, kunne ein kjøpe “arabiske pengar” som vart brukt til å handle både kaker og aktivitetar. Dette gav ein kreativ og engasjerande måte å bidra på, og skapte samtidig ei fin ramme rundt formidlingsarbeidet.
Gudstenesta vart leia av vikarprest Reidar Standal, med vikarorganist Kjetil Kvangarsnes ved "orgelet".
Det var eit flott og gjennomført opplegg og ei god oppleving som både engasjerte, involverte og gav ny innsikt i misjonsarbeidet – og som viser korleis ein på ein levande måte kan vere saman som kyrkje, både lokalt og globalt.


Skrevet av:


