Nyhet

Kjekk og inspirerande kveld hos NMS Gjenbruk

Hovedbilde

Skrevet av:
Laila Karin Tusvik Helle
Publisert:
8.10.2026

Ålesund KFUK-forum hadde denne gongen lagt oktobermøtet til NMS Gjenbruk på Lerstad. Temaet for kvelden var gjenbruk og redesign.

Kvelden vart både inspirerande, lærerik og sosial. Fleire av damene hadde teke med seg ting dei hadde laga av dukar, gardiner og anna kjøpte på Gjenbruk. Det vart vist fram både kreative og praktiske prosjekt, og fleire delte gode erfaringar med omsying av klede og korleis ein kan forlenge levetida på tekstilar ved å lappe og reparere. Dei flotte eksempla gav både inspirasjon og nye idéar.

Dorthe Lervik frå NMS Gjenbruk fortalde engasjert om verksemda, frivilligarbeidet og korleis inntektene frå gjenbruksbutikkane kjem viktige prosjekt til gode. Ho viste bilete og delte glimt frå fleire av prosjekta som ligg hennar hjarte nær akkurat no, særleg arbeidet i Estland, Egypt og Laos.

Etter innlegget var det høve til å sjå seg rundt i butikken.Mange nytta sjansen til å leite etter små og store skattar i hyllene, og fleire fann noko dei ville ta med seg heim.

Det vart også tid til ei god kaffistund med kaffi, te og ferske kanelsnurrar.

Som eit ekstra bidrag til det viktige arbeidet som vert drive gjennom NMS, vart det samla inn ei gåve til prosjektet i Estland.

Det vart ein svært hyggeleg kveld med fellesskap,inspirasjon og samtalar og kreativitet, og damene reiste heim med både nye idéar og eit sterkare innblikk i korleis gjenbruk kan vere med på å skape håp og moglegheiter for menneske både lokalt og internasjonalt.

Kari Godø Sæther viser fram flott jakke og bukse sydd av stoff frå NMS Gjenbruk
Dorthe Lervik viste fram nokre av prosjekta ho held på med av dukar og stoff frå NMS Gjenbruk
Dongerijakke sydd av Inger M. Myklebust av brukte jeans
Del dette innlegget
https://nms.no/nyhet/kjekk-og-inspirerande-kveld-hos-nms-gjenbruk

Skrevet av:

Laila Karin Tusvik Helle
Kontaktperson for menighet