Gi en gave
Meny
Foto: Utlånt av VID/Misjons- og diakoniarkivet Last ned

Kåre Lode er død

Søndag 14. mai mottok vi meldinga om at Kåre Lode var død. Det var ikkje uventa, Lode har lenge vore alvorleg sjuk.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Med Kåre Lode er ein markant personlegdom og tydeleg leiar gått bort. Dei fleste av sine yrkesår hadde Kåre Lode knytt til Det Norske Misjonsselskaps (NMS) arbeid. Saman med Kona Else-Karin, og etter kvart fire barn, arbeidde han i Kamerun og til dels i Mali fram til familien flytta til Norge i 1986. Deretter var han i hovudsak knytt til NMS’ hovudadministrasjon i ei årrekke.

Kåre var historikar. Fagkunnskapen brukte han i arbeid med boka han skreiv om framveksten av Den evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (Appelé à la Libertée).

Elles har Kåre Lode hatt eit mangfald av oppgåver. Han har merka seg ut som ein prinsippfast mann, med evne til å tenka og arbeida fleksibelt og strategisk.

Eg blei først kjend med han som gymlærar ved Hetland gymnas (1966/67). Året før hadde han vore på ein sykkeltur det gjekk gjetord om. Han hadde spalte i Stavanger Aftenblad der han rapporterte frå sine opplevingar i Afrika, Midtausten og Sør-Europa. Denne grenseoverskridande interessa følgde han vidare i karrieren. Lode spelte ei viktig rolle då NMS opna for eit engasjement i Mali.

Også andre har hatt glede av Kåre Lodes arbeidskraft og innsikt. I perioden 1987-89 var han landdirektør for Kirkens Nødhjelps arbeid i Mali. Og noen år seinare var han hovudarkitekten bak ein framforhandla fredsavtale i landet. Det er kanskje den enkeltoppgåva Kåre var aller mest stolt over å ha vore ein del av.

Sitt engasjement for fred og fremjing av menneskerettar heldt han fram med gjennom dei mange åra han sidan var tilsett i SIK, Senter for Interkulturell kommunikasjon, der han hadde eit særleg ansvar for å følgja opp utviklings- og fredsarbeid i Aust-Kongo.

NMS er takksame for dei mange åra han gav i teneste for organisasjonen. Vi lyser fred over hans minne.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp