
PIKACHU: I 2023 var Pokémon-figuren Pikachu, iblanda juletre, julekuler og anna julepynt i vestleg stil, tema for julepynten ved kjøpesenteret «Centralworld», som er eit av dei største i Bangkok.
Julestria finst og i Thailand
I Thailands hovudstad Bangkok, er jula overraskande synleg til å vere eit land med så djupe buddhistiske røter.
Hovudsakleg har handlesenter, restaurantar og andre kommersielle aktørar æra for at ein finn innslag av jul, med store mengder juledekorasjonar. Alle slags bedrifter frå små lokale kaféar til dei store handlesentera vert dekka av julelys, juletre og anna julepynt.
No skal det påpeikast at julepynt har ein annleis definisjon her i Thailand enn i Noreg. Thailand har absolutt laga sitt eige preg på julepynten. Eit døme er handlesenteret «CentralwOrld», eit av dei største i Bangkok, som kvart år vel eit nytt tema for julepynten sin. I 2023 var temaet «Pikachu», den kjente figuren frå den japanske TV-serien «Pokemon». Det var mykje pynt av den gule figuren, iblanda juletre, julekuler og anna julepynt i vestleg stil. Ein tydeleg påverknad frå media og kommersiell julemarkering i land som tradisjonelt sett feirar jul, men med thai-stil.
Få kjenner juleforteljinga
Me slo av ein prat med presten i Immanuel kyrkje, Chanda Saiyotha, for å høyre litt om korleis jula ser ut for kristne i Thailand. Han sa seg fort einig i at det er bedriftene i landet som har mest fokus på jul, men at julefeiringa likevel er viktig for Thailandske kristne.
– Mot slutten av året, og starten av eit nytt år, er det mange i Thailand som tenker på å kjøpe noko å gje til foreldre, kjærast, vener eller andre. Då er gåvefokuset frå jula og tilboda som følger interessante for mange, seier han.
Han fortel at då han var yngre var jula ganske fjern for dei. Men internett og sosiale media har gjort at dei fleste thaier har kjennskap til jula som konsept. Dei har sett «jul» på TV eller i filmar. Likevel er det særs få som kjenner til meininga med jula eller juleforteljinga. Mange kjenner til juletre, «Jingle Bells» og julenissen, men få kjenner til Jesus.

Jula er ei moglegheit
Mange menneske i Thailand er altså kjent med jul gjennom media og marknadsføring. Så når jula kjem i butikkane er det mange nysgjerrige og opne menneske, som ynskjer å lære meir om kva jula handlar om. Dei ser julepynt over alt og tenker «kvar kjem dette frå?». Dette gjer at Chanda tenker at jula er ei god tid for evangelisering.
Når dei har arrangement med julemusikk, fortel dei kort om juleforteljinga og kva jula betyr for kristne.

Han fortel at ein kan sjå «carolers», folk som syng julesangar, fleire stadar i byen, som togstasjonar og supermarknadar. Nokre kyrkjer vil óg arrangere julesongsamlingar i heimane og nabolaga til kyrkjemedlemmar.
Jula er også ei travel tid for musikarane i Immanuel-orkesteret, dei deltek ofte med å spele julemusikk på arrangement i kyrkja, eller i nabolaget.

Julefeiring
For mange kristne i Thailand er jula ei feiring som vanlegvis skjer i kyrkja, der ein kan samlast til feiring, måltid og song saman. I Thailand er mange kristne den einaste, eller ein av få kristne i sin
familie, og difor vert jula ei feiring saman med kyrkjelyden ein høyrer til. Mange av kyrkjene har ulike typar gåveutveksling.
Sjølve julegudstenesta finn stad på ein av sundagane nær 25. desember.
Det er ei fin moglegheit til å invitere nye menneske til kyrkja, og mange medlemmar inviterer vener og familie til å bli med på julegudsteneste eller andre julerelaterte arrangement. Julefeiringa er meir enn ei vanleg gudsteneste. Det er ei kjekk feiring å invitere med seg folk til, med eit større måltid, innslag av song, musikk, dans og aktivitetar.

Chanda fortel at til julefeiringa dukkar det også opp mange av kyrkjemedlemmene som ikkje kjem så ofte elles. I julegudstenesta har dei fokus på forteljinga om Jesus som vart fødd for å frelse verda. Presten seier at ikkje alle er opne for å ta imot evangeliet, men dei får alle høyre om det på gudstenesta, så dei veit at Jesus kom til verda for alle menneske si skuld.
Julefeiringa i kyrkjene i Bangkok og i kyrkjene på bygda er veldig ulike. I Bangkok vil dei ofte ha feiringa si ganske tidleg i desember, medan i meir rurale område er feiringa litt nærare jul. Dette er fordi dei som jobbar i kyrkja eller liknande kan bruke jula som ein sjanse til å ta fri, og mange vel å reise heim til bygda for å besøke familie. Det gjer og at dei lokale kyrkjene på bygda har feiringane sine seinare i desember for å inkludere dei som kjem heim.
Julestria finst og i Thailand
Mange her har det veldig travelt i tida fram mot jul. Me prata og med Fang om jul. Fang er frivillig i ei av kyrkjene i Bangkok, og leiar for ungdomsarbeidet i Bangkok-området. Han fortel spøkefullt at «når kyrkja blir lilla, så tenker eg: here we go again!».
– Kanskje burde ventetida i advent ha meir fokus på å roe ned og reflektere meir, foreslår Fang. Jula er jo i utgangspunktet ei feiring av at me kan motta Guds kjærleik og fred heilt ubetinga. Sjølv om det er mange ulike måtar å feire jul på verda rundt, så har me alle til felles at me feirar fordi Gud ut av kjærleik sendte son sin for å frelse verda.




