
Tradisjonell julemesse på Grøa – rekordbesøk og salgsrekord
Laurdag 6. desember vart den årlege julemessa på Grøa arrangert, og det vart ein stor suksess!
Mykje folk, god stemning og ny salgsrekord prega dagen.
I kafeen kunne ein kose seg med heimelaga tomatsuppe, smørgraut med vafler (ein ekte nordmørstradisjon), kaffimat, risbollar og mykje meir. Misjonsandakt ved Kari Sødal sette ein fin ramme rundt arrangementet, og Bjørn Hovde bidrog med vakker song.
Bergfruas Lapper var til stades med flotte heimelaga handverk, og John Gudmund Drøpping imponerte med vakre trearbeid. Det var også rikeleg med tradisjonell julebakst – meir enn sju sortar småkaker, i tillegg til hvetebakst og grovbrød. Honning, heimelaga syltetøy og andre godsaker gjekk unna, og alt vart selt ut! Det vart selt meir enn før både på basarbok og på åresalg, noko som bidrog til den sterke inntekta.
Resultatet? På berre fire timar vart det selt for heile 52.000 kroner brutto! Ei fantastisk oppslutning som viser kor mykje denne tradisjonen betyr for lokalsamfunnet.
Ei stor takk frå NMS til alle frivillige som har lagt ned tid og krefter for å gjere julemessa på Grøa til ein slik suksess!







