Gi en gave
Meny
Last ned

Jubileum, slutt og oppstart

Det blir litt merkeleg å leve med jubileum, slutt og oppstart på same tid. Men det er akkurat det eg har gjort den siste tida.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Samtidig med at vi var oppsagt frå butikklokala, og skal ut innan 1.oktober har vi planlagt 20-årsjubileum. Vi har også jobba med å skaffe andre høvelege lokale utan å lykkast i heile sommar.

Så var var det sigerdotra mi, Marthe, som kom med tanken om å starte med klesbutikk på Sunndalsøra viss vi måtte gi opp i Surnadal. Og i august starta denne planlegginga ganske konkret.

13.september kom daglig leder for NMS Gjenbruk, Siri Bloch Lindtveit hit for å vere med på 20-årsjubileet. Det kombinerte vi både med å sjå på aktuelt lokale for butikk på Sunndalsøra, og drøfta korleïs vi skulle avslutte på Skei. Torsdag 19.sept gav gjenbruksstyret grønt lys til å starte med konkret planlegging i Sunndal.

På jubibileumsfesten var vi i styret ganske klare på at feiringa av alt det positive vi har hatt i desse 20 år skulle overdøve sorga med at det var slutt.  Eg orienterte litt om historia der det bl.a kom fram at det beste året vi hadde hatt var i 2012 med ei omsetning på 269.000,-.  Siri Bloch Lindtveit hadde festtalen og takka alle dei som hadde vore med. Sverre Hatle hadde ein quiz, og mange hadde gode historier å fortelle frå tida i butikken. Det kom tydeleg fram at butikken har vore viktig på mange måtar. Dei pengane vi har fått inn til NMS er sjølvsagt viktig, men butikken betyr og trivsel, sosialt treffpunkt og meiningsfulle dagar for mange. Ei skikkeleg kakefest måtte det også vere. Her kjem nokre foto frå borda på jubileumsfesten.


Nyheter

Ei helg for kreativitet, fellesskap og inspirasjon

Kjeldsund, 26.–28. september: I vakre omgjevnader på Kjeldsund samla 30 kreative damer seg til ei helg fylt med strikking, redesign, gode samtalar og inspirerande innslag. Her var det rom for å vere seg sjølv, senke skuldrane og nyte ei helg utan ansvar – med god mat, ferdig oppreidde senger og null oppvask.
Les mer

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Les mer

En mandag kveld på NMS Gjenbruk Sandnes

Klokken 17.00 stenger butikken, men da strømmer det på med medarbeidere klare for mandagsdugnaden.
Les mer

Helt topp regionstevne!

Regionstevne for Møre ble arrangert lørdag 23. august på Røbekk i Molde. Røbekk kirkesenter var fylt til siste plass under misjonsfesten og viste stor oppslutning om misjonens arbeid.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp