Gi en gave
Meny
Last ned

Jubel og Jubileum

NMS Gjenbruk Ålesund har ei jubileumsveke bak seg. 11.november 2023 feira vi 25-årsjubileum for den første NMS gjenbruksbutikken opna på Sola. 25.september 1999 er datoen for butikk nr. 2 i kjeda av dei 52 butikkane knytt til Det Norske Misjonsselskap.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post


Reidar, Dorthe og Eldfrid

Styret og 2 jubiléumskomitéar la konkrete planar for ei todelt feiring. Vi fann det ynskjeleg og naturleg å invitere tidlegare og noverande medarbeidarar til jubileumsfest på sjølve dagen 25.september. Laurdag 28.sept. var det stor og tydeleg markering og feiring i sjølve butikken.

Om lag 80 deltok på jubileumsfesten i Spjelkavik Panorama. God mat høyrer til ved slike høve. Prolog av Sindre Skeie lest av Grete Lange sette ord på kva vi er med på. Songarar frå Sunnmøre Kristelege Mannskor bidrog på sitt vis. Erling Aaslid gav oss både historia og historier i løpet av desse 25 åra. Starten var spesiell da primus motor Reidar Hesseberg og Målfrid Søvik drog eins ærend til Danmark for å lære om gjenbruk. Butikken heldt til i Ålesund sentrum første 14 åra. Deretter vart det flytting til Blindheim. Siste 5 åra har butikken halde til i Breivika nord for Moa.

Det vanka godord og helsingar frå regionstyret v/ nyvald regionstyreleiar Olav Gading som også heldt andakt. NMS Gjenbruk sentralt var representert ved dagleg leiar Siri Lindtveit og regionansvarleg Irene Stavnem Sirnes.

Det vart også understreka ei eventyrleg utvikling i både varetilgang og inntekter, og medarbeidarar som bidrar til eit stort arbeid og godt fellesskap.


Feiringa i butikken var godt førebudd. Ekstra forventning var det til samarbeid og bidrag frå elevar ved Borgund VGS som på førehand fekk plukke seg ut klede til redesign og mannekengoppvisning. Dette vart teke på alvor og vart ein hending på raud løpar med tilhøyrande musikk og applaus. Veret var ikkje etter ynskje, men svært mange fann vegen til både feiring, kaffi, kake og handel.

Vi er mange som er takksame for dei som gjekk føre og for det vi er med på i NMS Gjenbruk.


Nyheter

Populær redesignaften med fullt hus!

Fullt hus og 80 besøkende når NMS Gjenbruk i Molde arrangerte redesign aften i oktober.
Les mer

Ei helg for kreativitet, fellesskap og inspirasjon

Kjeldsund, 26.–28. september: I vakre omgjevnader på Kjeldsund samla 30 kreative damer seg til ei helg fylt med strikking, redesign, gode samtalar og inspirerande innslag. Her var det rom for å vere seg sjølv, senke skuldrane og nyte ei helg utan ansvar – med god mat, ferdig oppreidde senger og null oppvask.
Les mer

Misjonsbasar i Ålvundeid på Nordmøre med skikkeleg basarstemning!

Torsdag 16.oktober var det invitert til basar i Ålvundeid bedehus. Det var ei fin ramme, pynta med georginer på borda i eit fint lokale. Nytt av året var uhøgtideleg mannekeng-oppvisning av klede frå NMS gjenbruk på Sunndalsøra, der det er klede og sko dei sel.
Les mer

En mandag kveld på NMS Gjenbruk Sandnes

Klokken 17.00 stenger butikken, men da strømmer det på med medarbeidere klare for mandagsdugnaden.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp