
Nytilsett Hilde Lervik Langås i NMSU og dagleg leiar på Kjeldsund Trygve Danbolt Øygard.
Inspirasjonssamling med hjarte for misjon og leirarbeid
Nyleg samla NMS Region Møre misjonsfolk til ei inspirerande inspirasjonssamling i Borgund menighetshus. Her fekk ein oppleve eit mangfald av talent og engasjement – mange spelte på ulike strengar og brukte sine ulike gåver i fellesskap.
Leirarbeidet stod i sentrum, med dagleg leiar på Kjeldsund Leirstad og Gjestegard, Trygve Danbolt Øygard, som delte korleis misjon blir formidla til barn, unge, vaksne og godt vaksne. Kjeldsund er den einaste NMS-leirstaden i Møre og Romsdal, og Trygve nyttar sin bakgrunn som naturfagslærar på kreative måtar for å nå ut med bodskapen. Vi fekk også høyre siste nytt om drift og utvikling på leirstaden.
I samtale med Astrid Ulvestad Øygard fekk vi bli betre kjent med Hilde Lervik Langås, nytilsett barne- og ungdomskonsulent i NMSU Møre. Hilde har vore med sidan starten av Camp Kjeldsund og brenn for leirarbeid og formidling til dei unge.
Samlinga hadde flotte medspelarar frå ulike lag – gjenbruk, regionstyret og ikkje minst eit områdeutval som stod bak eit rikt og variert innhald. Gunhild Bjørkhaug leia og drog i mange trådar som skapte ei god ramme rundt samlinga.
Musikalske innslag ved Jorunn Bakke Orvik og fløytist Kari Sørdal Hagen høyna allsongen med fabelaktig spel, og Evy Larsen leia ei fin og god kveldsavslutning.
Det vart servert deilig kveldsmat, og samla inn kollekt til NMS sitt arbeid. Dei frammøtte kunne reise heim – inspirerte og styrka til innsats i sine lokale fellesskap.





