«Holmgang» mellom NMS og NLM

Ordstyrer Åsmund Johansen, Gunnar Bråthen (generalsekretær i NLM) og Helge S. Gaard (generalsekretær i NMS).
Det blei annonsert at generalsekretær Helge S. Gaard skulle snakke om «NLM, den irriterande bedehusmisjonen» på Speaker’s corner under NMS Sommerfest & Generalforsamling laurdag.
Speaker’s corner er ein pop up-scene i det sosiale området på hotellet der NMS Sommerfest & Generalforsamling arrangeras, og folk strøymde til denne litt uhøgtidelege seansen, dei sat og stod der det var ledig plass.
Gaard starta med å snakke om den irriterande storebroren NLM. NMS er jo, som vi veit, Noregs første misjonsorganisasjon, men NLM er størst i aktivitet.
Kort tid etter kom det fram ein anna mann på scena, og greip mikrofonen. «Denne samtalen vil eg vere med på», sa han, før han presenterte seg:
«Eg heiter Gunnar Bråthen, og er generalsekretær i NLM», sa han til latter og forbausing blant publikum.
Det blei ein samtale om likt og ulikt mellom organisasjonane, og om godt samarbeid. Ordstyrar Åsmund Johansen prøvde å fyre opp til debatt, og få dei to til å seie kva dei irriterte seg over og kva som skal til for å bli «kvitt» den andre, men dei to generalsekretærane var stort sett vel forlikte. Dei var heilt einige i at det er bruk for, og plass til, begge organisasjonane.
Skrevet av:



