Nyhet

Historisk misjonsmøte i Trondheim

Bildet viser en forsamling i møtesalen i Sommerveita

For siste gang har NMS-folk i Trøndelag samlet seg i forsamlingssalen i Sommerveita 4-6. Avskjeden ble markert med en skikkelig misjonsfest.

Skrevet av:
Birger Foseide
Publisert:
22.1.2026

NMS har hatt eigendommen i Sommerveita i nærmare 150 år i Trondheim. Søndag 11. januar var eit vegskille for tida på adressa.

I nærmare 150 år har NMS hatt eigedommen i Sommerveita på den sentrale tomta mellom den kongelege Stiftsgårds-parken og Torget i Trondheim. NMS bygde eit bedehus der omkring 1880. På same tomta bygde dei ein fireetasjes bygning i 1980 der NMS hadde kontor i første etasje og stor møtesal i fjerde. Dei andre etasjane har hatt andre leigetakarar.

No har NMS seld Sommerveita til eigedomsselskapet E.C.Dahl for 60 millionar kroner. Førsteetasjen får brukast til NMS Gjenbruk sin butikk og kontor med mindre møterom fram til 1. juli 2028.

Søndag 11. januar vart det halde ein siste misjonsfest i den store møtesalen i Sommerveita. Ein flokk misjonsfolk på 50 frå Trondheim og Trøndelag samla seg for «å ta avskjed med» denne samlingsstaden for NMS som i 45 år hadde gitt rom for kretsmøte, julemesser og andre store misjonsmøte.

Bildet viser Helge S. Gaard på en storskjerm
Generalsekretær Helge S. Gaard var digitalt til stede da misjonsfolket i Trøndelag for siste gang var samlet til misjonsfest i Sommerveita. Birger Foseide

Generalsekretær Helge S. Gaard opna festen med ei video-helsing. Regionkoordinator for NMS i Trøndelag, Øyvind Ulland Eriksen, orienterte om planene framover for NMS-aktivitet i Sommerveita. Bazaar 1880 er namnet på prosjektet som skal drive tiltak i førsteetasjen framover. Her blir det produsert NMS-podkastar med samtale med innbedne ressurspersonar som reflekterer over spørsmål som har å gjere med kristentruas utfordringar i møte med verda i dag. Her blir det misjonslunsj, kulturkveldar, konsertar og samtalekveldar om tru og trushistorie, og om tru som møter anna tru.

Det var visjonar framover, men vi såg også bakover på kva Sommerveita har betydd for mange. Gunnar Eskelund, vaktmester i mange år fram til 2017 , fortalte i intervju om store julemesser og om livet på huset. Andre hadde vore med på festar i Sommerveita som barn, og hadde gode minne. Fleire fortalte om det gode miljøet i Misjonskoret som nyleg avdøde Eli Rønningen leia i mange år.

Jakop Stavseth frå NMSU song, og han finn alltid fram songar med bodskap som utfordrar oss på tru og tanke. Ivar Nerhoel var kveldens pianist. Til slutt leia møteleiaren Gunn Bakken forsamlinga i ei bønn for NMS-arbeidet i Trondheim framover, og bar fram takk til Gud for Sommerveita og det som hadde skjedd der i 150 år.

Bildet viser Øyvind Ulland Eriksen og Gunnar Eskelund
Regionkoordinator Øyvind Ulland Eriksen (til venstre) og tidligere Sommerveita-vaktmester Gunnar Eskelund fortalte om livet i det lokalet som NMS nå flytter ut av.
Del dette innlegget

Skrevet av:

Birger Foseide