Generalforsamling hos vår partner i Japan

Yuasa, Wakayama ken, Japan
Fotograf:
Jone U. Slettebø-Knudsen
To bautaer går ut av tenesten i Kinki Evangelisk Lutherske kyrkje (KELC), samstundes som nye krefter går inn i teneste for Gud.
Den 20. mars 2026 vart det arrangert «Soukai» (generalforsamling) i partnerkyrkja vår her i Japan. Nå tenkjer du kanskje: «Nå igjen! Dei skriv jo om denne samlinga kvart år. Skjer det ikkje nokon nytt og større i Japan?».
Og med denne tanken, har du ganske rett. Vi skal nå til å begynne vårt andre år med språkstudium, og fram til april 2027 er det dette tida vår vil bli brukt til. Nå skal det seiast at årets «suokai» var ei ganske spesiell samling for mange av oss.
Samlinga markerer nemleg ei stor omvelting i partnerkyrkje vår. Den mangeårige kyrkjepresidenten i Kinki Evangelisk Lutherske kyrkje (KELC), Shigeo Sueoka, går av frå si stilling etter å ha tent så lenge KELC sine vedtekter tillet han å gjere. Ny kyrkjepresident vert Naoki Sugioka, ein mann som vil få i oppgåve å styre kyrkja i ei tid der store endringar kanskje må til for å halde kyrkjeskipet i god drift.

Den 1. mars hadde Yukiko Yamaoka Idland sin siste gudsteneste i Nishinara kyrkje, og i regi av dette vart ho formelt takka for sin teneste av NMS under årets «soukai». Etter lang tids teneste i både KELC og NMS med meir går ho nå av med pensjon.

Når to slike bautaer går ut av sine roller kan dei som står igjen lett miste motet, spesielt i eit lite kyrkjesamfunn slik som KELC er. Men med «Soukai» kommer det også håp og mot for framtida. Samstundes som to går av, trer to nye inn i teneste. Det vart under årets «soukai» ordinert ein ny prest og ein ny forkynner til teneste i KELC. Vi ser fram til å gjere teneste saman med dei frå våren 2027.






