Nyhet

"Saman som kyrkje" og bursdagsfeiring i Nordlandet kyrkje

Feiring av kyrkja sin bursdag på Nordlandet

Fotograf:

Ingebjørg Dahle Johansen og Astrid Ulvestad Øygard

Skrevet av:
Publisert:
28.5.2026

1. pinsedag vart det feira fellesgudsteneste på Nordlandet – ei gudsteneste prega av fellesskap, engasjement og deltaking på tvers av generasjonar

Sjølv om vêret gjorde at mykje måtte flyttast innandørs, vart det ei fin og levande markering av kyrkja sin bursdag.

Vi hadde gleda av å få besøk av Astrid Ulvestad Øygard frå NMS. Ho formidla på ein inspirerande og engasjert måte frå arbeidet i Thailand, og ga oss viktige perspektiv på det globale oppdraget kyrkja står i. Det er alltid inspirerande å bli «sett» og besøkt av NMS – og ikkje minst få høyre fortellingar som lyfter blikket vårt utover.

Gudstenesta bar preg av breidde og mangfald. Vi fekk oppleve flott musikk frå Bjørn Magne og Kristiansund Ynglingeforeningens Musikkorps, kunstnarlege innslag og dukkedrama frå barnegruppa «Jordvenn». Dyktige medliturgar bidrog, og vi fekk til og med vere med på ein liten dans. Mange var delaktige – og nettopp det gjorde gudstenesta så levande.

Astrid Ulvestad Øygard og Karen Flatø
Diakon Ingebjørg Dahle Johansen

Etter gudstenesta var det lagt opp til aktivitetar og "kyrkjekaffi", med vaflar, kaffi, pølser og leik for store og små.

Det var noko færre deltakarar enn vanleg i år, men dei som kom, bidrog til gjengjeld på mange ulike måtar. Alt frå det profesjonelle musikkorpset, til trufaste medlemmar av menighetsrådet som steikte vaflar i timesvis– og til alle frivillege som er uvurderlege når flagg skal opp og hoppemadrass på plass. Ungdommar som skar opp frukt, og barn som var både forsongarar og kunstnarar – alle generasjonar var representerte og bidrog på sitt vis.

Svampekasting

Vi tok også i bruk ressursar frå NMS og NMSU, mellom anna element frå DELE-gudstenesta og film frå Thailand. Slik fekk vi knyte saman det lokale og det globale perspektivet på ein god måte.

Gjennom dagen vart det samla inn om lag 4000 kroner til misjonsprosjektet. Det er kanskje ikkje det høgaste beløpet, men viktigare er det at mange fekk ei oppleving av å vere del av noko større – «saman som kyrkje i heile verda».

Å samlast på denne måten, med eit felles fokus på noko som går utover oss sjølve, er med på å bygge fellesskap og styrke kyrkja lokalt.

Ein stor takk til alle som deltok og bidrog – de gjorde dette til ein rik og meiningsfull dag!

Og ein ekstra takk til deg, Astrid, for inspirerande besøk og viktig formidling.

Kristiansund Ynglingeforeningens Musikkorps
Del dette innlegget
https://nms.no/nyhet/feiring-av-kyrkja-si-bursdag-pa-nordlandet

Skrevet av: