Nyhet

Flott oppleving på dugnadstur til Sør-Afrika

Bildet viser personer som gjør vedlikehold på en bygningsfassade

Full aktivitet med oppussing

Fotograf:

Inge Kaldhol

Skrevet av:
Inge Kaldhol
Publisert:
27.4.2026

Rett etter påske reiste eg saman med 13 andre til Umphumulo, forå restaurere ei av bygningane knytte til Lutheran Theological Seminary i den Evangelisk Lutherske Kyrkje i Sørlige Afrika.

Dette vart ei flott oppleving for oss som var med, og me hadde eit godt samarbeid med dei lokale medarbeidarane som var leigd inn. Bygga har stått tomme i mange år, og treng oppussing for å kunne takast i bruk igjen.

Bildet viser en person som utfører vedlikehold av en bygningsfassade
Inge Kaldhol i full gang med å reparere glasruter

Dette bygget skal i første omgong brukast til kjøkken og kantine for studentane. Skraping, sparkling, pussing og måling gjorde bygget nesten som nytt. Mange knuste glasruter vart erstatta og endå mange fleire vart lagde på nytt kitt. Me fekk gjort mykje, og resten skal dei lokale arbeidarane fullføre etterkvart.

Bildet viser en skitten og slitt bygningsmasse
Før.................
Bildet viser en ren og vedlikeholdt bygningsmasse
........etter

NMS har starta ein innsamling Spleis for å finansiere materiell til oppussinga. Sjå vedlagde Spleis og bli med å fullfinansiere prosjektet.

Og neste år... kanskje det blir ny tur for nytt oppussingsprosjekt? Blir du med???

Del dette innlegget
https://nms.no/nyhet/dugnadstur-til-sor-afrika

Skrevet av:

Inge Kaldhol