Gi en gave
Meny
Foto: Helene Reite Uglem / PREST: John Steinar Dale (83) var misjonær på Madagaskar frå 1969-1983, først som omreisande prest på vestkysten og seinare radiomann i Antsirabe. Last ned

Den gebrokne gassaren

Kven skulle tru at bakarsonen på Tau, han som ikkje ein gong gjekk på søndagsskulen, skulle bli prest på ei fjern øy og leie folk til tru på gassisk?
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

No sit han med eit brev i hendene. Avsendaren går rett på sak, er ikkje innom høflegheitsfrasane som gassarar brukar som oppbygging mot poenget. Det er det ikkje tid til.

«Kjære John Steinar. Eg har blitt gammal og skal snart tre fram for min Frelsar og Herre, men først vil eg gjere opp for meg og be om tilgjeving for det eg gjorde mot deg den gongen (…)»

Krigsbarn

1940 kjem med ei dårleg og ei god nyheit for herr og fru Dale på Tau. Like før bjørka sprett kjem den dårlege med Tysklands invasjon. Idet den same bjørka gulnar får dei ein son.

Tau, ei lita bygd over fjorden frå Stavanger, er ein fredeleg krok under krigen. Dale, bakaren på Forbrugen, slepp å reise ut i krigen. Dei nye tyske naboane er familiefedrar som han sjølv, utkommanderte til ei teneste som druknar i saknet etter sine. Under ei husransaking merkar dei det. Den tyske soldaten går gjennom huset, peiker på ei lukka dør og spør kva som er der inne.

Ein sovande baby, svarer mora. Tyskaren svarer med å sette seg ned på ein stol, plasserer geværet på golvet og byrjar å fortelje om sin eigen vesle flokk der heime. Stemma tjuknar, og det han leitte etter er gløymt.

Familien Dale leiger husrom på eit småbruk der ei ku sørger for at vesle John Steinar får fersk, feit mjølk kvar dag. Det einaste minnet han har frå krigen, er engelskmennene som kjem med fridom og sjokolade i 1945.

− Så alt i alt var barndommen god, synest han.

− Det var ikkje så mange å leike med, men eg hadde ein leikekamerat.

Godt nok då, men ikkje nok til å herde han for det som ventar i 1947.

Den første knyttneven

− Far fekk jobb i forsikring, så vi flytta til Vaulen mellom Sandnes og Stavanger, fortset John Steinar som no er førsteklassing ved Jåttå skule. Her får han den første knyttneven i sitt liv, men ikkje den siste.

− Eg fekk skikkeleg juling. Var du ny, så skulle du takast. Det var slik det var, forklarer han.

Foreldra tek kontakt med skulen, men får berre beskjed om å «lære guten å slåst».

− Så då lærte eg det, humrar 83-åringen.

Snart blir han både høgare, sterkare og raskare enn mobbarane. Då roar det seg.

− Eg tok dei som var stygge mot jentene også, seier han med eit lurt smil.

Jenta i skulegarden

Han er 14 år då han legg merke til Kjellaug. Ho er frå Sola og er med i Skulelaget. Brått blir andaktane der ekstra interessante for tenåringen som knapt har opna ein bibel før.

− Eg kunne ikkje gå rett bort å spørje kven ho var. Vi var ikkje så frimodige den gongen, ler John Steinar.

Då får han ein lys idé.

− I ein fritime sykla eg heim til Vaulen, bytta til racersykkel, suste inn til byen igjen og stansa ved Sola-bussen, fortel han.

Han ser Kjellaug stige på, legg seg på hjul etter bussen og trør dei 15 kilometrane frå Stavanger til Sola. Der tørkar han sveitta av panna og skrur på sjarmen, for endeleg kan dei prate i fred. Ein viktig prat, det første kapittelet i historia om Kjellaug og John Steinar.


EKTEPAR: Kjellaug og John Steinar vart kjende som 14-åringar. Sidan har det vore dei. Foto: Privat

Vestover på 50 kubikk

Snart får John Steinars far ny jobb i Oslo som gjer at familien flytter til Ski. Det har gått ei tid sidan den skjebnesvangre sykkelturen, men han tenker ofte på den. 16-åringen har kjøpt seg moped. Det einaste han manglar er eit påskot for å besøke Rogaland. Då kjem han på bestemora på Ålgård. På ny tek han hjula fatt, men denne gongen på 50 kubikk.

− 17 timar tok det, og 13 kroner i drivstoff, opplyser John Steinar.

Men det var det verd. Bestemor blir glad for besøk. Og få år seinare får dessutan Kjellaug ein ring.

Ulike heimar

− Det var ikkje mykje snakk om tru i heimen. Eg gjekk aldri på søndagsskule, svarer John Steinar på spørsmålet om trua si.

− Eg fekk ein bibel til konfirmasjonen. Den tok eg for meg som ei vanleg bok og byrja frå start. Heldigvis råda far min meg å ta fatt ein enklare stad, smiler John Steinar.

Heime hos Kjellaug er det annleis. Tru og misjon kjem inn med morsmjølka frå «ei typisk misjonskvinne». Kjellaug er «ein insider», ifølge John Steinar som skal bli kalla «mannen til Kjellaug» då dei i 1969 kjem til Madagaskar saman med 100 andre misjonærar. Kjellaug kjenner 90 av dei frå før. På 60-talet jobbar ho i NMS-forlaget Nomi.

− Då vi flytta austover fortsette eg i Skulelaget og byrja i NMS-foreininga Unges misjon, fortset John Steinar.

Bibellesinga og lagsfellesskapet gjer noko med han. Noko er i ferd med å skje.

Kjempa med kallet

Etter artium siktar John Steinar seg inn mot forsikring og studerer matte. Eit trygt val.

− Men noko hadde endra seg. Eg vart redd for å ende opp på eit einsamt kontor framfor reknestykke. Eg måtte jobbe med folk, gjekk det opp for han.

Til foreldra si store sorg, avsluttar han mattestudiane utan å kunne seie noko om fortsetjinga. Men ikkje lenge etter ringer NMS.

− Dei oppfordra meg til å søke på jobben som ungdomssekretær i NMS Oslo krets, fortel John Steinar.

− Først vart eg overraska. Eg hadde ingen bibelskule, men dei såg potensialet gjennom den frivillige innsatsen i Unges misjon.

Likevel er han i tvil. Om berre eitt år byrjar militærtenesta som han allereie har utsett eit år. Det er Cuba-krise og mangel på soldatar. Men NMS gir seg ikkje. Så i 1961 seier John Steinar ja til eitt år i NMS. Like før 1961 blir til 1962, gir han eit livslangt ja til Kjellaug ved alteret i Sola kyrkje. Noko kveitebrødsdagar blir det ikkje, for berre fire dagar seinare er John Steinar på plass ved flyvåpenet på Værnes.

Ein prest i familien

− Året som ungdomssekretær vart viktig for vegen vidare. Dette var riktig hylle. Eg ville bli prest, forstår han.

Foreldra pustar letta ut. Ein sokneprest i familien er ikkje dumt. Men gleda blir kortvarig, for det er ikkje dette soknet han dragast mot.

− For Kjellaug var det liksom daglegdags å reise ut i misjon. Eg trengte meir tid på å la tanken modnast. Gjennom møter med heimkomne misjonærar og historiene deira, vaks kunnskapen og lysta hos meg også, opplevde John Steinar.

Kjellaugs foreldre blir blanke i auga av nyheita, men heime hos Dale dett klaffane ned. «Du veit ikkje kva dette dreier seg om», seier dei.

− Tanken måtte modnast hos dei og, så vi byrja å invitere heimkomne misjonærar heim. Slik vart både dei og vi endå meir skodd for utreisa.

Gradvis landar alle ved same konklusjon. Kanskje er ikkje dette så dumt likevel.

Tyrifjords siste misjonsreise

Det går altså sju år frå kall til utreise.

− Men då var all tvil unnagjort. Eg fekk ei vissheit som har vart til denne dag, seier John Steinar.

Kallet har aldri vore knytt til ein spesiell plass. Så då NMS treng folk på Madagaskars vestkyst, pakkar dei bilen og køyrer til Frankrike for å lære seg språket til den tidlegare kolonimakta. Kjellaug har eitt år gamle Anne Kristin på armen då dei nokre månadar seinare stig om bord på Tyrifjord i Bordeaux. Dette er siste gong båten skal frakte misjonærar til Afrika. Ei åtte veker lang reise ventar.

− Suez-kanalen var stengt grunna dei mange skipa som låg på botnen etter krigen − Difor måtte vi reise rundt heile Afrika, huskar John Steinar.


RADIOMANN: Under andre og tredje misjonærperiode jobba John Steinar Dale i radiokanalen Evangeliets Røst som spreidde både evangeliet og ulike kulturar og språk via kortbølger. Foto: Privat

Det høyrest idyllisk ut, men i Biscaya kjem stormen. Dei kjemper mot sjøsjuka. Kokka passar eittåringen medan Kjellaug ligg i lugaren. John Steinar går opp på dekk i den friske lufta, finn eit tau, knyt det rundt magen og festar det i ein livbåt. Innimellom slaga les han tropemedisin, men blir skuffa då kvart kapittel avsluttar med «her må man oppsøke lege».

Belo-sur-Tsiribihina

− Ein byrja ikkje å jobbe før ein kunne gassisk. Dette skilde oss frå andre kvite. Misjonærane sitt kjenneteikn var gebrokken gassisk. Den var ikkje til å ta feil av. Då var du plassert.
Det er ei slags «glanstid» for NMS på Madagaskar på denne tida, men også ei brytingstid.

− Samarbeidskyrkjene vart no meir sjølvstendige og likeverdige partnarar. Det var dei som bestemte kor misjonærane skulle jobbe, fortset John Steinar som no har Den gassisk-lutherske kyrkja (FLM) som arbeidsgjevar.

Og kanskje er det denne måten å jobbe på som gjer at misjonærane ikkje møter den antikvite haldninga som pregar samfunnet elles. I 1970 er det trass alt berre ti år sidan Madagaskar vart sjølvstendig.

− Vi vart møtt med godvilje, både hos samarbeidspartnarar og myndigheiter. Vi fekk ansvar med fridom, erfarer John Steinar som blir plassert i vest, i Belo-sur-Tsiribihina, der han skal reiste rundt i ein uthola trestamme og dele evangeliet på gebrokken gassisk, for å seie det tabloid. Meir presis skal han få ansvar for fem prestegjeld og vegleie lokale prestar på jobb. Kjellaug skal undervise ved eit jenteinternat ved skulen kyrkja driv.

Soningsofferet

På vestkysten møter John Steinar mange som aldri har høyrt evangeliet. Dei trur på Gud, men no har han trekt seg tilbake, seier dei. Han er fjern og skremmande. For å nærme seg han, må dei gå via avdøde slektningar. Dei må blidgjerast gjennom ofringar, eit strev som kostar mykje pengar.

− I gassisk fedretru er synd, offer, blod og forsoning ord som gir gjenklang på ein heilt annan måte enn i Norge, merkar John Steinar.

Saman med dei lokale prestane får han bere fram bodskapen om at Jesu blod reinsar vekk all synd. Han er soningsofferet. Vi kan med frimot tre fram for ein Gud som verkeleg bryr seg om kvar enkelt. Det kunne ikkje kome betre nyheiter enn dette.

− Vi møtte også mykje skepsis, skyt han inn.

− Men sjølv om det verka håplaust der og då, fekk vi seinare vite at fleire av stadane i dag har levande kyrkjelydar. FLM er ei av dei raskast voksande kyrkjene i verda.

– Byen vår låg i mørker. De kom med ein lysstrimmel, sa ein landsbysjef til John Steinar ein gong.

Vere varsam

− Eg var så heldig å møte Nenilava, «hyrderørslas mor», i starten av misjonærtida mi, mimrar han vidare.

Nenilava var med og starte den diakonale rørsla som driv omsorgsbyar og gir helsehjelp på Madagaskar. Når ho på 70-talet besøker Norge, har ho eit ønske. Ho vil møte «ei typisk misjonskvinne». Kjellaugs mor blir valt ut, og Nenilava blir over seg av begeistring då ho fortel at dottera er Madagaskar-misjonær.

− Mange seier ho har spesielle åndelege antenner, seier John Steinar som får merke det sjølv. For ein dag dukkar ho berre opp, sjølvaste Nenilava, og vil snakke om det ferske misjonærparet.

− Ver frimodig og bruk den erfaringa og visdommen du har. Her er kristendommen endå ung, så ikkje ver redd for å gi råd, oppfordrar ho.

John Steinar gøymer på rådet, men erfaringa hans seier også at Gud ikkje ser på kor lenge du har trudd.

− Vi møtte mykje blandingstru. Enkelte ritual sit djup, seier han og hugsar ein prest som mister barnet sitt. I hovudet veit han at sonen ikkje går inn i æva aleine, men når sorga vrir seg i kroppen, klamrar ein seg til det kjente, til tradisjonane.

− Han var fortvila. Familiegrava låg for langt vekke til at han hadde råd til å frakte han dit. Skulle ungen gå inn i æva aleine?

Då gjer prestekollegaen noko klokt.

− Han sørga for å frakte den døde til familiegrava. Først då det var overstått kunne vi snakke om det han var redd for, døden, utan å presse overtydingar på, men lytte og bruke tid.

Inkluderande radio

Ein dag får John Steinar beskjed om at FLM treng han i den kristne radiokanalen Evangeliets røst i Antsirabe. Ingen problem, seier John Steinar og tek tilleggsutdanning i det radiotekniske.

− Eg skulle jobbe med idear, administrative ting og vidareutdanning av dei tilsette, fortel han om den nye rolla i radiokanalen som deler evangeliet via kortbølger.

− Madagaskar er eit mangfald av stammar og språk. Korleis kunne vi nå alle? Jo, vi måtte tilsette dei ulike folkegruppene. Det var ikkje berre lett, innrømmer han.

For ulikskapane fører til konflikter som til slutt hamnar på John Steinars bord.

− Samstundes nådde vi mange. Ulike språk og kulturar kom til orde. Det bygde bruer, innser han.

John Steinar byrjar å ta med seg kollegaer frå innlandet til vestkysten. Fleire av dei har aldri vore der før.

− Hadde du sloppe meg ned frå eit fly og eg landa her, hadde eg aldri gjetta at dette var Madagaskar, seier ein av dei.

Då er det godt å ha med seg ein kjentmann.

− Eg hugsar vi vart invitert på middag i ei hytte dekka av stråmatter. Då måtte eg gå inn først, så dei kunne sjå korleis eg oppførte meg, humrar han.

Når radioen kjem til bygda, stiller folk opp. Evangeliets røst tek opp korsong, lagar program og får nye lyttarar i bygdene.

Men ein dag blir radioen taus.

Krisa

− Vi spelte inn sendingane på tape, pakka dei ned og sende dei via sensurering med fly til Seychellene. Der låg stasjonen som kringkasta programma til dei ulike afrikanske landa, forklarer John Steinar om den litt tungrodde prosessen.


TURNÉ: John Steinar Dale tok med seg kollegaer, her Naivo og Rabe, til bygder utanfor allfarveg for å ta opp korsong på forskjellige språk. Foto: Privat

Om ikkje lydrullane kjem fram, blir radioen taus. Og det er nettopp det som skjer denne dagen.

− Det var krise. Kollegane vart redde for jobbane sine. Slike kontor hadde blitt lagt ned av liknande grunnar i andre afrikanske land.

Alle forstår kvifor radioen er taus. For det er ikkje første gong denne medarbeidaren har forsømt oppgåver. John Steinar må stadig mase om fristane. Han er ein av dei beste dei har, men også alkoholikar.

− No var grensa nådd. Kyrkjeleiinga ga han sparken, men han nekta å forlate kontoret sitt, fortel John Steinar.

Medarbeidaren bestemmer seg for å gjere noko han skal komme til angre på.

Skuldingane

− Eg var den store stygge ulven, seier John Steinar.

− Det var ei tøff tid. Ikkje minst for familien min.

Ti punkt, mellom anna skuldingar om antigassisk verksemd, blir lagt på politiets bord. Medarbeidaren forlangar ei erstatning tilsvarande 12 årsløner frå Dale, og ber myndigheitene sende han ut av landet, noko dei ikkje ser grunn til.

− Før rettssaka møtte eg medarbeidaren og dommaren til forliksmøte. Då dommaren spurde kva han var ute etter, var det jobben han ville ha tilbake. Eg var ein tilsett som han og hadde difor ikkje myndigheit til det. Difor måtte rettssaka gå sin gang.

«Men når dei arresterer dykk, så ver ikkje urolege for korleis de skal ordleggja dykk, eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda», sa Jesus då han sende ut apostlane.

No er det som om han seier det same til John Steinar. Han vel vekk advokat, takkar nei til å ta det på fransk og forsvarer seg sjølv på sin særeigne gassisk.

− På kveldane sat eg med kollegane mine og førebudde meg. Kopierte opp bevis og øvde på ting eg skulle seie.

− For det er ingen søndagsskule dette, åtvarar dei han.

− Dommaren var kvass, men rettferdig. På forunderleg vis klarte eg meg godt. Eg fekk god behandling og vart trudd.

Støtteerklæringane haglar. Folk han ikkje kjenner stoppar han på gata. Generalsekretær og kyrkjepresident kjem frå hovudstaden for å «passe på at det ikkje skjer noko tull med John Steinar».

− Det verka som om heile Antsirabe hadde fått det med seg. Støtta betydde mykje, seier John Steinar som likevel ikkje slepper gleda laus. Han er uroleg for medarbeidaren. For det viser seg at han har lånt ei formue som han var sikker på å få att. No har han tapt, pengane er drukke opp, og han er desperat.

− Han var ikkje ferdig med meg.

Antenna på taket

Innimellom slaga høyrer John Steinar på NRK via antenner på taket. No meiner medarbeidaren at misjonæren eigentleg driv med spionasje.

− Det er alvorleg. No vart sikkerheitspolitiet involvert, og eg vart kontrollert overalt kor eg gjekk, fortel han.

Det har vore tøft for familien allereie. No blir det verre.

− Menn kom innom for å sjekke kva eg dreiv med. Bilen måtte stå innelåst grunna fare for sabotasje. Barna måtte aldri ete noko dei fekk på gata. Evakueringsplanen låg klar, seier han om den spente tida.

− Men politiet var aldri ufine. Vakter ved kontrollpostar spurte om eg var «han i radioen», smilte og ønskte meg god tur vidare.

Noregsopphald nærmar seg. John Steinar vert fullstendig reinvaska, men kjem det nye skuldingar på tampen, får dei ikkje reise.

− Dei hadde forsegla kontoret hans. Om han ikkje flytta, ville dei gjere det same med huset. Det var det siste eg såg til han, seier John Steinar som ikkje senker skuldrane før flyet til Norge trekker hjula opp under seg.

Men han skal aldri gløyme medarbeidaren. Og fleire år etter, medan John Steinar førebur ei preike, dukkar det opp eit brev. Det er frå Madagaskar, skrive av ein medarbeidar han ein gong kjente. Han går rett til poenget, fangar lesaren, som ei «god sak» skal.

– Eg ber om tilgjeving for det eg gjorde mot deg den gongen.

− Eg svara med ein gong, og slik vart venskapet reparert. Det er viktig for gassarar, men også for meg.

Den siste misjonærperioden er John Steinar tilbake som radiomann i Evangeliets røst, der han blir til familien flyttar heim i 1983.

Eventyret i Nordsjøen

Misjonskallet som vaks fram i John Steinar på 60-talet handla aldri berre om NMS og Madagaskar. Det handla om resten av livet, uansett kor han måtte ende opp. Og John Steinar har hamna opp i litt av kvart. No held han fram eit avisklipp frå Aftenposten jula 1975. «Juleprest på Ekofisk» står det over eit bilete av han sjølv i kvit prestesnipp saman med to oljearbeidarar.


Plattformprest: John Steinar Dale og eit bunadskledd Ganddal Pikekor arrangerte jul på Ekofisk i 1975. (Foto: Privat) T.h. Faksimile Aftenposten (1975) og Stavanger Aftenblad (2017).

− Under eit heimeopphald ringer NMS og spør om eg kan halde jul i Nordsjøen. Eg sa berre ja, og slik gjekk det til at den første presten som heldt jul i Nordsjøen var ein NMS-misjonær.

Resten av historia kjenner vi. I dag har oljenæringa eigne prestar.

− Og det har skjedd på Phillips Petroleums initiativ, ikkje kyrkjas, påpeiker presten.

Oljefirmaet ville gi noko meir enn pinnekjøt til dei som ikkje fekk reise heim til jul. Dei ringde Den norske kyrkja som ga oppdraget til NMS.

– Mens stiv kuling og friske haglbyger feide over Nordsjøen, satt mannskapet på Ekofisk samlet i messene og feiret jul. Selveste julaften fikk mannskapet besøk av Ganddal pikekor sammen med solister og prest. To helikoptre fraktet dem rundt på plattformene Bravo, Delta og Charlie,» skriv Aftenposten i 1975.

− Kor, pianist, dirigent, hammondorgel og ein gjeng journalistar vart frakta mellom plattformene i to helikopter, hugsar John Steinar.

Korjentene har kledd seg i bunad. Det er av og på med søljer, stakk og overlevings-drakter om ein anna. Kaotisk, men den beste julegåva mannskapet kunne fått. Pinnekjøt-køa stoppar opp då dei bunadskledde Ganddal-jentene trer inn.

− Det var ei festleg oppleving eg aldri ville vore forutan, seier John Steinar og held fram eit nyare avisklipp frå Stavanger Aftenblad i 2017.

− Då Sjømannsmisjonen fekk nyss i denne litt ukjende historia, inviterte dei meg til å halde julegudsteneste på Ekofisk 42 år etter, seier John Steinar.

Denne gongen er det inga sjølvfølge å kunne seie ja. For det siste året har han vore på Haukeland med dårleg hjarte. Etter fleire infeksjonar, sengeliggande veker og ein vellukka operasjon, er musklane i kroppen vekke. Han må lære å gå igjen.

− Likevel klarte eg å få helsesertifikat til Nordsjøen, og no er helsa som i gamledagar, humrar han.

Difor er han framleis lett i stega når han som tolk og kjentmann tek med seg grupper til Madagaskar, eller når han reiser rundt som ambassadør for den kristne TV-kanalen SAT-7 som når millionar i Midtausten. Då er han i sitt ess.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp