Basar på Bigset

Bigset Misjonsforeining har halde det gåande i over 50 år. På biletet ser vi dei fleste av foreininga sine noverande medlemmar.
Fredag 24. oktober heldt foreininga den årlege basaren på Bigset bedehus. Det vart fullt hus, med folk i alle aldrar. Tradisjonen tru selde dei årar i både tre og papir, som fort vart utselt.
Hareid Barnekantori gleda med flott song, og Anne engasjerte forsamlinga med andakt om då Jesus stilte stormen.
Gratis mat og prat var som vanleg eit fast og viktig innslag i basaren, før dei avrunda med meir åresal og trekning av loddbøkene som hadde gått rundt i bygda på førehand. Dette året hadde dei mellom anna fått fleire flotte tre gevinstar i gåve.
Heile overskotet blir sendt vidare til Det norske misjonsselskap. takkar for fellesskapet, og vil nytte høvet til å takke bygdefolket og andre for trufast støtte i dei 51 åra foreininga har vore i drift, og håper dei blir med vidare også dei komande åra.
Skrevet av:


