Å kjøpa eit menneske

Det er nokre setningar som ikkje heng heilt i hop. «Å kjøpa eit menneske» er ein slik setning.

Ikkje fordi det ikkje skjer. Nei, kjøp og sal av menneske det skjer i forbausande stor grad. Over 40 millionar menneske lever i dag under ulike former for moderne slaveri. Men det er ikkje bare setninga i seg sjølv som skurrar. Mest av alt skurrar den brutale verkelegheita. Kor avskyeleg, omfattande og hjarteskjerande denne «businessen» kan vera, kjem tydeleg fram i filmen «Sound of Freedom» som nyleg har nådd eit stort publikum både i USA og Noreg.Sjå trailer for filmen «Sound of freedom» under.

Del dette innlegget

Skrevet av: