100 år i teneste for evangeliet og samfunnsutvikling
Dei var 4 som drog med båt frå Norge via England til Nigeria. På elvebåt på elva Niger og deretter elva Benoué som kjem inn i Nigeria frå Kamerun, kom dei til byen Numan. Der feira dei jul saman med danske misjonærar.
Bagasjen deira var forsinka og sidan varmetida var i anmarsj, vart det bestemt at ein av dei, Thrana, skulle vente på bagasjen, medan dei 3 andre Nicolaisen, Flatland og Otterøy, drog med elvebåt til Garoua i Kamerun, og vidare 280 km sørover til Ngaoundéré til fots og med hest i sterk varme.

Finn Ove Kaldhol saman med nokre kristne i Kamerun. Han i kvitt har med eigne pengar bygt kapell i sin landsby
Det er varmetid i februar og mars. Det merka vi som tok same vegen i februar og mars 2025. Ein pilgrimstur for å markere 100 år for ankomst av dei første norske misjonærane til Kamerun. Tanken var til ei viss grad å kopiere turen til dei første og samtidig feire 100 år med misjonsarbeid i Kamerun saman dei kristne som bor langs vegen dei første kom.
Vi var 4 norske: Ranveig og Finn Ove Kaldhol, kamerunmisjonærar i nesten 20 år, og son Einar Tolo-Kaldhol og kona hans Ingvild.
Einar gjekk til fots ein stor del av dei 280 km. På ein del av strekninga fekk vi ikkje lov til å gå pga utrygge forhold. Ingvild gjekk med han omlag halvparten av strekninga. Ranveig og Finn Ove gjekk kortare deler av strekninga. Det vart ein del køyring med «dieselhesten», ein stor Mitsubishi som vi brukte til å frakte folk og mat og drikke som det naturlegvis gjekk mykje av i varmen. Vi måtte også køyre for å overnatte på trygge stader. Vi kunne ikkje heilt kopiere dei første i 1925.

Turfølget saman med leiar for Kvinner for Kristus i Garoua
Fleire av våre vener i Kamerun gjekk med på kortare og lengre deler av strekninga. Ein prest kom heilt frå hovudstaden Yaoundé for vere med. Ein av Einar sine barndomskameratar gjekk med på halve strekninga og var ei god støtte for å kunne gjennomføre turen.
Vi starta med ein tur i båt på Benoué-elva for å kopiere dei første sin ankomst til Kamerun. Det vart berre ein sving ut på elva for det var så mange flodhestar i området. Etter båtturen same dag den 23. febr. starta vi å gå ut av Garoua mot Ngaoundéré som dei første gjorde.
Etter nokre km vart vi mottekne med song og dans av dei kristne i landsbyen Sanguere. Og då er vi i det som var forskjellig i 2025 mot 1925. Då dei første norske drog frå frå Garoua til Ngaoundéré, var det ingen kristne på den strekninga. Vi vart møtt av kristne i byar og landsbyar på heile strekninga. Ofte stod dei før landsbyen og venta på oss, og med song og dans kom vi fram til kapellet.
Vi orienterte om turen, om 100 år, vi las frå Bibelen, bad og song saman der i kapellet. På fleire strekningar gjekk dei kristne med oss frå landsby til landsby. Den eine dagen gjekk det folk med oss mange km frå morgonen til kvelden.

Kapellet i Banda. Foto: Kaldhol
Alt var godt organisert og til tider vart det litt mykje stopp, for i alle landsbyane ville dei orientere oss om arbeidet og overalt var det kapell som var for små, og i fleire landsbyar stor nytt og stort kapell utan tak. Andre hadde planer og mange hadde starta med å bygge. Dei må samle inn pengar, så dei bygde litt og litt, nokre mursteinar over fleire år. I landsbyen Sakdje der Finn Ove hadde virka tidlegare, stod dei midt muring av grunnmur då vi kom fram kveldinga. Etter ei heftig samling i kapellet, måtte eg legge ned grunnstein til det nye kappellet dei no bygde. Ja, gid den som kunne fått 1 promille av oljefondet, så kunne vi hjelpt dei med tak og sement.
Den 6. mars 2025, på dagen 100 år, kom vi fram til Ngaoundéré og vi gjekk til og inn i den nye og store Milleniumskyrkja medan kyrkjeklokkene kima. Fantastisk å sjå resultatet av det som har skjedd gjennom 100 år med innsats frå misjonærar og lokale kristne. Den evangelisk lutherske kyrkja (EELC) som er eit resultat av arbeid starta av misjonærar frå USA og Norge, har i dag omlag 750.000 medlemmer over heile landet. No er der ikkje fleire misjonærar i EELC. No er det dei lokale kreftene som styrer kyrkja og som er ivrige i å forkynne evangeliet.
Mottoet for den store jubileumsfeiringa i 2023 var: «100 år i teneste for evangeliet og samfunnsutvikling».



