Tilbake til nms.no Madagaskarblogg
Meny
Foto: Steinar Sørhus Last ned

Tilbake på Madagaskar

Eg hadde min barndom på Madagaskar, og nå fekk eg høve til å gjera ein innsats som friviljug i det landet kor eg har ein del av røtene mine.
Del Facebook Twitter E-post

I lag med gassiske venner på Soatanana, 1957.

Det har vore ei fin oppleving å få koma tilbake til Madagaskar og Lovasoa. Min bakgrunn her på Madagaskar, er at foreldra mine; Marie og Sigurd Sørhus; var misjonærar her i perioden frå 1953 – 1964. Dei var stasjonerte i innlandet. Sjølv var eg med dei heile den perioden, og eg gjekk på Den Norske skolen her på Antsirabe frå 1961 – 1964. Etter at eg vart vaksen, har eg vore på to turar til Madagaskar i lag med familien og vener, i til saman 7 veker. Det var mange kjensler, som kvervla rundt inni meg, då eg var tilbake på kjente trakter. Men for meg har opphaldet på Madagaskar gitt meg mange positive opplevingar som eg ikkje ville vore forutan. Også tida på barneskolen. Så det å få koma tilbake her, er som å koma tilbake til røtene på mange måtar: Lydar, lukter, språket, songen, maten, naturen og menneska. Det kjem tilbake, sjølv etter 60 år.

Ei gassisk jente frå Ihosy som eg møtte i 2008, begynte å kalla meg for Dadabe (bestefar). Etter det har det blitt hengande ved meg. Og det er ein «ice breaker» når eg presenterer meg her ute. Veldig praktisk å bruka det namnet når gassarane må skriva namnet mitt på kvitteringar. Då lyser dei opp og er letta over å sleppa å skriva desse underlege namna me vasaha-ane kan ha.

Lærarvolontør


Dadabe in action.

Då NMS søkte etter personar som kunne tenkja seg å vera på Lovasoa ein periode, såg eg det som eit høve til å få eit opphald her og samstundes få vera til nytte. Min bakgrunn er at eg har undervist på barnetrinnet i 40 år. Eg har dessutan drive gard (mjølkekyr og sauer) om lag 30 år. Eg har vore  pensjonist i nokre år no. Men då dette kom opp seint i haust, og kona og familien elles gav tommel opp, så slo eg til. Så då var det berre å fylla opp skrotten med ørten vaksinar med meir. Eg reiste frå Norge i kulde og snø den 4. januar, og blei møtt med 25 graders varme i Tana dagen etter. Heilt greitt det!

Elevane


Lunsj i «Pizzaria» kvar vekedag kl. 12.15.

Det er to fastbuande norske familiar her på Antsirabe no. Dei har 3 born i skulepliktig alder. Dei går på 1. 2. og 3. trinn. Til dagleg går dei på ein fransk skule, men dei treng påfyll, mellom anna i norsk og naturfag. Dessutan kjem dei til å ha litt bibelhistorie. Men det viktigaste er nok at dei vert følgde opp med norskkunnskapar og får kjennskap til forholda i Norge. Men det er også nyttig at dei lærer seg å bruka digitale verktøy og lærer seg teksthandsaming digitalt. Det vert lite av det på den franske skulen. Me kjem til jobba tverrfagleg, der det å uttrykka seg på norsk, vert sentralt.

«Den gode arva – Ei reise attende i fotefara til ein barndom på Madagaskar».

Då det vart kjent at eg skulle ha dette engasjementet på Madagaskar, var det mange i familien min og vener elles, som ynskte at eg skulle skriva heim om inntrykk og hendingar under opphaldet her på Lovasoa. Endåtil lokalavisa Grannar fatta interesse og laga ein reportasje over heile 8 sider no i januar. Eg er glad i å fotografera og liker å dela opplevingar. Difor har eg oppretta ei gruppe på Facebook som heiter det same som overskrifta på dette avsnittet. Etter kvart har det blitt nærare 310 som følgjer ho. Det er familie og slekt, vener, bygdafolk, misjonærborn og andre interesserte. Den eldste, som er med der, er mor mi på snart 101 år. Det er ei lukka gruppe, men det er berre å be om tilgang, så fiksar eg det. I tillegg til å skriva om vist og gale, ynskjer eg at gruppa kan vera eit lite bidrag til å skapa engasjement for misjon generelt. Men også med visa kva NMS har betydd – og betyr for gassarane og Madagaskar i dag.

Elles har eg hyggelege naboar i Turid og Magnar Helgeland. Me bur på Akany 1 og 2. Me har hushjelp i lag og ét middag saman kvar kveld. Turid var på Den norske skolen då eg gjekk der.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp