Tilbake til nms.no Madagaskarblogg
Meny
Foto: Sonja Küspert Last ned

Påske og helse og håp

Ein kort rapport frå hyrdebevegelsens arbeid.
Del Facebook Twitter E-post

Vi er alt i påskeveka. Påske er budskapet om livet som sigrar over døden, helbredelse over smerte og sjukdom, og fellesskapet som sigrar over einsemd og isolasjon.

I går var eg på besøk i det som på gassisk heiter TOBY, ein slags landsby for sjuke. Den er organisert og blir drifta av den lokale hyrderørsla. Det er ei blanding av ei gassisk haugianerbevegelse, blanda med litt nasjonalistisk sjølvhjelpsteori; prega av lokalt virkelighetsbilde – og alt saman innsausa i ekte kristen diakonal omsorg.

Bildet viser presten med kona si

Presteparet ved Tobyen, Ramahafadrahona A. Pascal og fru Sahondra, er engasjert og tar seg av de syke.

I denne sjukelandsbyen her på Antsirabe tar dei seg av bortimot 200 sjuke av alle slag: fysisk sjuke, mentalt plaga, folk med rusproblem og mange som sjølve meiner dei er plaga av demoner. Dei behandlar alle saman med det dei har av hjelpemidlar: Tid, omsorg, kjærleik, bønn og demonutdriving. Det er om lag 20 hyrdar som arbeider med minimal økonomisk støtte som har via livet sitt til dette.

-Vi kunne  sikkert hatt litt meir kunnskap om korleis ein skal differensiera mellom dei ulike lidingane, innrømmer Pascal, presten i omsorgslandsbyen. Han er ein av mine gamle prestestudentar frå den tida eg arbeidde som lærar på den lokale presteskolen utanfor Antsirabe (1985/88) -Og det jobbar vi med – blant anna i samarbeid med både NMS og SALFA, den gassiske kyrkja sitt helsedepartement – og med støtte frå eit prosjekt som er vakse fram i Stavanger, rundt bl a Anne Kristin Dale Skjold og Jone Schanche-Olsen – i samarbeid med NMS.

-Men, legg han til, -det vi opplever er at folk får hjelp gjennom den omsorga vi viser, sjølv om den både medisinsk og psykiatrisk sikkert er mangelfull – og vi har masse å læra.

Eg fortel dette som eit vitnesbyrd om at påskebudskapet om Jesu siger over døden, det godes siger over vondskap og smerte og sjukdom, ikkje er teori. Midt i fattigdommens Madagaskar lyder det eit budskap og lyser det eit håp som er like gyldig for dei – som det er for oss.

God påske til alle!

Mvh Kjetil Aano

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp