Tilbake til nms.no Madagaskarblogg
Meny
Foto: Sonja Küspert Last ned

Luther som global teolog

Første påskedag 2016 feira eg på vestkysten av Madagaskar. Tidleg om morgonen møtte eg fram til ei stappfull kyrkje som gjorde seg klar til å feira gudsteneste og takka for livets siger over dødens krefter. Her var det kateketen som leia gudstenesten. Kateketen er ein lekmann, gjerne med eit bibelkurs i bagasjen, og som ofte, slik det var i dette tilfelle, er ei kvinne.
Del Facebook Twitter E-post

Ho leia gudstenesten med trygg hand og stødig røyst. Men ettersom ho hadde fått med seg at ein gassisk-talande norsk prest var til stades, blei eg spontant invitert til å halda påskedagspreika. – Det står noe i skrifta om å vera budd i tide og utide, så heilt ubudd var eg ikkje.

Dette er altså ein kyrkjelyd i Den gassisk-lutherske kyrkja. I denne kyrkja blir det lagt like stor vekt på begge desse sidene:

Først det lutherske: Fioangonana Loterana Malagasy, som er det gassiske namnet på denne kyrkja, er som mange lutherske kyrkjer i Asia og Afrika, stolte av sin lutherske arv. Det var i  luthersk støyping dei mottok budskapet om Jesus som sigra sjukdom, synd, dom og død. Og det var luthersk kristendom som gav menneske frimod til å stå oppreist i møte med det heilage – som ein tidlegare bare frykta. Fordi det ikkje er eigne moralske prestasjonar eller personlege eigenskapar som kvalifiserer til medlemsskap i kyrkja og å høyra til i Guds rike. Det er det tvert imot Jesus sitt liv og sine eigne ord tatt imot i enkel tru som gjer.

Samtidig gjer dette også frimot til å stå imot ein ny trældom –  å la vera å erstatta ei form for avgudsdyrking med ei anna – f eks ei tingleggjering av Bibelen. Luther frigjer till å tru og sjå at Bibelens bodskap er Jesus, hans frelse og hans vilje for livet til beste for medmenneske og skaparverk.

Den andre sida av dette er at den lutherske tradisjonen også frigjer til å vera gassisk. Eg fryder meg over at gudstenesten, der mye er kjent, liturgiske ledd går igjen, ein del av musikken er henta frå den vestlege salmetradisjonen, truvedkjenning og bøner er dei same – likevel ber eit lokalt, gassisk preg. Songen speglar uhemma lokal musikalitet og overskot. «Lekpresten»s rolle under gudstenesten overgår langt det Den norske kyrkja har fått til gjennom sine mange liturgiske revisjonar. Kyrkjebakken som fellesskap er tatt inn i gudstenesten og vibrerer av liv, tru og håp. Her kjem alt frå detaljert økonomisk oversikt over sist vekes offer og andre aktivitetar, (i tråd med 2. Kor 4: «ope legg vi ting fram…») til takkesongar for helbredelser, forbøn framfor eksamen og oppfordring til besøk hos sjuke og trengande i  kyrkjelyden – med detaljert informasjon av tid, plass og måte.

For ikkje lenge sidan markerte vi 500-årsjubileet for Luthers reformasjon i Wittenberg. I 1530 skreiv ein av reformatorane i Augsburg, Urbanus Rhegius, etter å ha møtt Martin Luther ansikt til ansikt:

«Luther […] vil forbli ein teolog for heile verda. Eg er sikrare på det nå, når eg kjenner han betre».

Rhegius tenkte neppe på Madagaskar då han uttalte dette. Og sjølv om det sikkert er meir å seia om dette spørsmålet enn det som er uttrykt her, står mi gudstenesteoppleving på Madagaskar påskedag 2016 som er ei tydeleg stadfesting på  at her har vi gå gjera med både ein teologi og ein teolog med globale dimensjonar.

Bildet viser to menn, en madagasser og en nordmann

Kjetil sammen med Andriamahefaparany Olivier Donat, på Lovasoa, Antsirabe påsken 2023.

Kjetil er på Madagaskar som seniorvolontør. Donat er tidlegare politikar og underviser nå på gassiske universitet og arbeider som konsulent.

Bildet øvast er tatt på døveskolen i Antsirabe.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp