Tilbake til nms.no Madagaskarblogg
Meny
Foto: Endre Hilleren Last ned

Minneord om Ola Sandland

Det var med stort vemod vi mottok meldinga om at Ola Sandland døde søndag kveld den 28. september 2020, nær 90 år gammal.
Del Facebook Twitter E-post

Ola Sandland fekk så som heile si yrkesmessige karriere i teneste for Det Norske Misjonsselskap (NMS). Etter oppvekst på Sørlandet tok han lærarskole, og såg for seg ein karriere som lærar. Under utdanninga, møtte han også Ingfrid, som skulle bli hans livsledsagar.

Men Sandland fekk eit sterkt møte med det han opplevde som eit kall, og gjekk frå lærarutdanning til teologistudium. Deretter reiste han som misjonær til Madagaskar, der han arbeidde i ei rekke ulike posisjonar frå 1962 fram til han og familien flytta til Norge i 1979. Noe av det viktige Sandland fekk vera med på, var å starte, å etablera og å drifta det som skulle bli Den gassisk-lutherske kyrkja si eiga misjonsavdeling.

I NMS fekk Sandland tittel Misjonssekretær. Det var ei stilling som kombinerte strategisk arbeid med personaloppfølging, og var plassert rett under generalsekretæren. Denne kombinasjonen passa han svært godt.

Ola Sandland

Som personalleiar utmerkte Ola seg som omsorgsfull, omtenksom og tillitsvekkande. Han hadde i store periodar personalansvar for mellom hundre og tohundre personar. Og avstanden mellom Norge og dei landa der misjonærane budde, var stor. Likevel kjende vi han som ein nær leiar, ein vi kunne venda oss til med både gode og vanskelege saker.

Ola hadde ei særleg gåve – han fekk kvar og ein til å kjenna seg særleg viktig. Og han uttrykte dette mellom anna ved å senda personlege, handskrivne brev til alle «sine folk» – minst ein gong i året, gjerne oftare. Og desse breva var vakre – dei var nærast kaligrafiske kunstverk, og personleg utforma. Fleire enn eg var nok freista til å sette det i glas og ramme på kontoret.

Då Ola Sandland nærma seg pensjonsalder, fekk han ein avtale om ei stilling der han kunne kombinera eit visst saks- og personalansvar med sin andre pasjon: forkynning. Dei er ikkje få, dei bede- og kyrkjehus som i tida etter 1994 har hatt Ola Sandland på besøk, og blitt inspirert til innsats for dei tre M-ane som han brann for: menighet, misjon og Madagaskar.

Fred over Ola Sandlands gode minne.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp