Tilbake til nms.no Madagaskarblogg
Meny
Foto: Erik Tangedal. Kjersti Vevstad i desember 1977 med to nyordinerte prestar for Skogen. Litt av elevbyen i bakgrunnen. Last ned

Førsteinntrykket kan bedra

Et lite historisk tilbakeblikk til 70-tallets Madagaskar.
Del Facebook Twitter E-post

Ho var spesiell, misjonær Kjersti Vevstad frå Gjerstad. 20 skular med 1000 elevar administrerte ho i regnskogen på Aust Madagaskar i 1970-åra. Elevbyen i landsbyen Ampasinambo var finansiert av Skolenes Ulandsaksjon. Men det var hennar initiativ og ho var byggeleiar. Her fekk elevane frå småskulane i skogen vidaregåande utdaning, og her fekk dei bu. Kjersti fungerte også som uformell prost for prestane i distriktet. I desember 1974 fekk eg ein fottur på 100 km saman med henne og ein ungdomsflokk langs skogstiane. Eit prostimøte i utkanten av distriktet var målet. Eg fekk då eit og anna glimtet frå hennar liv som einsleg misjonær i skogen.

På jordvegen inn frå kysten til landsbyen måtte Kjersti og alle som skulle til Ampasinambo, over 30 provisoriske bruer. Desse vart demontert før regntida sette inn.  Dermed var dei klar til montering igjen når regntida var over. Den tørre tida var einaste sjansen for Kjersti å koma seg ut til sivilisasjonen med den vesle jeepen sin for å proviantera det nødvendige til eige hushald og til skulen. Dessutan skaffa ho medisin og anna til den lokale sjukestova som staten eigentleg hadde ansvaret for.

Ein dag hadde ho med seg ein ung gendarm (militær politimann). Ungdommen insisterte på å få ta over rattet. Det var jo for gale at den aldrande dama skulle måtta køyra sjølv! Men det gjekk ikkje likare enn at jeepen kom for langt ut på vegkanten og trilla rundt fleire gonger sidelengs ned skråninga før han vart ståandes på hjula igjen. Den urøynde sjåføren fekk sjokk og stakk av. Men Kjersti fekk samla folk frå landsbyane i nærleiken, og med skogens dronning ved rattet, greidde dei dra vogna opp på vegen igjen.

”Etter ein kneoperasjon har eg hatt problem med å gå så langt. Men det er vel litt psykisk også,” la ho til. Ungdomane i fylgjet drog i førevegen. Men då ungdommen hadde kvilepause, seig Kjersti med staven forbi. Slik kom me fram samstundes.

Ei kraftig regnbye kom i det me passerte ein risåker i skråninga opp frå stien. Eit halvtak som bonden hadde sett opp for seg og dottera var stor nok til at Kjersti og eg  fekk søkja livd der. Bonden hadde berre eit lendeklede – salaka – på seg. Far og dotter skulle nett ha seg eit måltid ris servert på palmeblad. Dei uventa gjestene vart sjølvsagt inviterte med i måltidet. Denne skogen er nok grensene for ditt liv, tenkte eg og studerte den enkle mannen.

Me presenterte oss som misjonærar frå Norvezy, Noreg. Nei, der hadde han ikkje vore. Men han var godt kjent i Djibouti, Libanon og Syria, fortalde han.  Åhå, jaså? Jau, han hadde vore fransk soldat. I 1928 forlet han Damaskus etter 9 år i den franske hær.

Nei, skulle du høyrt på maken! Så feil kan ein ta. Ein bør ikkje vurdera mennene etter antrekket, ei heller damene etter ganglag og stav.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp