Tilbake til nms.no Madagaskarblogg
Meny
Last ned

Eit glimt frå ei anna verd

I denne artikkelen skal eg forklare nærmare om landet Madagaskar, som er nokså ansleis i forhold til biletane du har i hovudet. Det er mange som tar alle Afrikanske land i ein og samme kam, og uansett om landa er i same kontinent kan ulikhetane vera enorme.
Del Facebook Twitter E-post

Eg er ei 19 år gammal jenta frå Norge som er på utveksling på Madagaskar i 6mnd, og reiser gjennom NMS sitt utvekslingsprogram (Connect) på Hald internasjonale senter. Her har eg opplevd at alle mine tankar og forventingar til landet og Afrika generelt ikkje var som eg hadde trudd elle tv-skjermen har vist. Alt i denne artikkelen er tatt utifrå egne tankar og opplevingar, og absolutt ikkje ein fasit på noko.

 

Solskinnsøya aust for Mosambik, nemleg Madagaskar er ukjent for folk flest. Kanskje du har høyrt om baobab- tre, lemurar eller sett ein av dei mange Madagaskar filmane. Det er så mykje meir enn berre ei øy utanfor Afrika og eit av verdas fattigaste land.

 

Viss du skal samanlikna med Norge er det enorme forskjellar, og nokre av dei er veldig openbare. Som for eksempel så er me nordmenn kjende for vår intimsone og du har vel høyrt at me sitt ein og ein på bussen? I Madagaskar er det absolutt ingenting som heiter personlig mellomrom, viss du tar bussen og det ikkje er fleir seter igjen så deler du enten setet med ein vilt fremd person elles så kan du stå tett oppi folk.

 

Det er kanskje framstilt på internettet og TV at afrikanske land er så fattige og det kjem berre fram alle katastrofane som skjer og det er sant at over gjennomsnittet ikkje har så mykje pengar å forholda seg til, men uansett om dei har så lite er dei nokre av dei lykkelegaste personane i verda. Det er så fint å sjå at uansett om dei har altfor lite mat, pengar og klede så delar dei alltid på det de har, og alle skal få! Det er verkeleg noko me som kjem frå dei vestlige landa kan læra og kan prøva a setja pris på at me har muligheita til å få utdanning, får mat på bordet kvar dag og kan begynna å setja pris på ikkje berre dei store tinga her i livet, men også dei småtinga i kvardagen.

«Her er eit biletet av ein veg på Antsirabe, som ligg nokre timar utanfor hovudstaden. Dette er ein heilt vanleg veg, og er sjeldan du finn «vanleg asfaltveg» som me har i Noreg. Det er masse støv, steinar, groper og generelt humpete veg som er lett å bli bilsjuk av»

 

I Norge likar folk flest å planleggje, ha ein plan og utføra dette og viss ikkje alt går etter oppskrifta informerer de gjerne dei gjerne dei involverte. På Madagaskar er dei ikkje flinke å informera, vertfall ikkje oss. Dei tenkjer at me må ta stilling til alt sjølv og får eneromt med ansvar. Eit døme på dette var når me skulle på jobb på eit jente internat å snakka om globale problemar så var det tre jenter der. Nokon var på markede, andre var i dusjen, spelte fotball i byen og andre sov. Alle visste me skulle komma då, for då har me gjort lenge. Men dei er generelt dårlig på å planlegge og tar ting som det kjem. Det kallas «mora mora» Der trur eg Gassarane har noko å læra av nordmenn. Dei kan læra av oss om hygene ,komma tidsnok til avtaler og planlegging. Detta går begge veger for me må læra av dei på å blir flinkare å dela, setta oss inn i andre sine situasjonar og vera mykje meir takknemleg for små ting.

 

Madagaskar er eit veldig unikt og spennande land. Når eg reiste hit såg eg for meg «skikkeleg» Afrika som du ser på film med fokemengder som står  å dansar, trommer på bongotrommer og har alle regnbugens farger på kleda. Mens eg blei møtt med Ingen folkedans i gatene, ingen sjiraff park der du kan kyss sjiraffen eller ingen safari i jungelen der det går løver rundt bilen. Det seiast at Madagaskar er ganske unikt frå andre Afrika land, men sjølvfølge er det nokre trekk som er felles som for eksempel mykje rop, latter og glede og at kvinnene bær nesten alt på hovudet.

 

Madagaskar, du Madagaskar. Du er verkeleg kaotisk, annleis, ufortsigbart og eit fantastisk land som er verkeleg verdt å utforska, eg lovar deg du kjem til å bli overraska.

 

Av Synne Havås, HALD-student i Mahajanga

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp