prosjekt

Bibelselskapet i Egypt

Budsjett:

314 000

Prosjektnummer:

424107

NMS gir støtte til drift av to bokhandlar i Kairo. Bokhandlane i Shubra og i Gomhoriyya street er to av 19 utsalsstader i Egypt. Støtten til drift av bokhandlane er med på å gi Bibelselskapet i Egypt økonomi til anna viktig arbeid, som t.d. aktivitetssenteret «Bible World» og bibeldistribusjon til fattige familiar.

Biblar og kristen litteratur er ikkje lett tilgjengeleg andre stader i Egypt enn inne i kyrkjene. Bibelselskapet sine bokhandlar gjer det lett å få tak i ein Bibel, også for dei som ikkje er kristne. Bibelselskapet samarbeider med lokale kyrkjelydar over heile landet for å dela ut biblar og bibeldelar til sterkt reduserte prisar til fattige familiar.

Aktivitetssenteret «Bible World» gir born frå heile Egypt viktig kunnskap om Bibelen og gjer dei i stand til å forsvara trua si i møte med påstandar om at dei kristne har endra teksten i Bibelen. Bibelselskapet bidrar også sterkt til økumenisk samarbeid på tvers av ulike kyrkjesamfunn. Dei lokale bokhandlane med deira distribusjonsnett og relasjonar til lokale kyrkjeleiarar er viktige nøkkelfaktorar i dette.

Under er andre prosjekter fra dette landet

Midtøsten

Nye mediateam i Midtøsten

Budsjett:
150 000
Midtøsten

Syriske flyktningar i Libanon

Budsjett:
200 000
Midtøsten
Egypt

SAT-7: Trosfrihet og likestilling

Budsjett:
2 900 000