Potetballbuffé hausten 2026

Potetballbuffét på Kjeldsund hausten 2026

Fra
17
Aug
Til
17
Nov
År
2026
Region
Møre
Bildet viser en tallerken med potetball

Torsdag 13. august frå kl. 13-18 inviterer vi til haustens fyrste potetballbuffet, og vi vil ha ope kvar torsdag til og med 12. november.  

Potetballen vert servert rykande varm i den koselige peisestua på hovudhuset. For 350 kroner for vaksne og 150 kroner for born kan du ete så mykje du vil. Dessert og kaffi/te er inkludert i prisen.

Reservering

Det er ikkje nødvendig å reservere bord på førehand, men dersom de er mellom seks og ti personar set vi pris på at de tek kontakt før de kjem, slik at vi kan legge til rette for at de får sitje samla. Grupper over ti personar bes bestille på førehand. Ta kontakt med oss på e-post booking@kjeldsund.no, eller på telefon. 404 06 061 måndag til fredag frå klokka 09.00 til 16.30.

Take-away

Om du vil nyte maten heime, er prisen 250 kroner for ein stor porsjon og 230 kroner for ein liten porsjon. Dessert kjem i tillegg og kostar 75 kroner. Du kan både svippe innom for ein direkte handel, eller bestille på førehand på telefon 404 06 061.

Visste du at historia til potetballen heng saman med når det vart venleg med poteter i Norge i overgangen til 1800-talet? Årsaka var at potetene gav større og meir stabile avlingar enn korn, og det vart eksperimentert med å drøye mjøl med poteter. Det vart vanleg å lage potetlefse, potetkake og flatbrød med poteter, og ein fann ut at potet og mel kunne formast til bollar og kokast, ifølgje Store Norske Leksikon.

Velkomen til eit tradisjonsrikt måltid på Kjeldsund!