Meny

Undervisningskanal for flyktningar

Foto: SAT-7 Last ned
Ein helt ny kanal i SAT-7 familien vert lansert 1.september, SAT-7 ACADEMY. Kanalen tilbyr skulegang til millionar av internt fordrevne og flyktningebarn gjennom ein variasjon av TV-program.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I ei pressemelding frå SAT-7 peikar dei på at 13 millionar barn er ute av skule på grunn av krigen i Midtøsten. Skular som ikkje er øydelagde er overfylte, og frykt for vald har gjort at foreldre held barn heime og at lærarar ikkje møter på jobb. Familiar flyktar for å redda liva sine; forlet heim og jobb og risikerer barna si framtid. Desse barna står i fare for å bli ein «lost» generasjon.

Juliana Sfeir (t.v.) har nettopp begynt som kanalsjef for den nye SAT-7 ACADEMY-kanalen, her saman med ein medarbeidar og Åslaug Ihle Thingnæs frå NMS i studio.

Ved å lansera SAT-7 ACADEMY prøver SAT-7 å fylla dette holet, ved å gi både barn, foreldre og lærarar verktøy til å handtera situasjonen, kvar på sitt nivå.

-Eg kjenner med beæra over å kunna ta på meg SAT-7 ACADEMY , for det representerer dei sentrale humanitære verdiane som eg verkeleg trur på: Undervisning og sosial utvikling, seier Juliana Sfeir som nettopp har begynt som kanalsjef.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp