Ucrew blant arabisktalande i Spania

For første gong sender NMS eittåringar til Spania. Erika Lynn Solli og Helge Helle er tilsette i U Crew 2017/18 og skal ha sin base i arbeidet blant innvandrarar frå Nord-Afrika i Barcelona.
Tilbake

NMS har støtta dette arbeidet i nokre år, og hausten 2016 sende NMS U eit Uteam dit i haustferien. Dei kom heim att med mange spennande erfaringar i bagasjen. No utvidar me samarbeidet og let to norske ungdom få bruka talenta sine der saman med misjonærar frå Egypt, USA og Sør Amerika.

På to senter i og ved Barcelona driv dei språk- og leseopplæring, leksehjelp og fritidsklubb. Målgruppa er innvandrarar frå Nord-Afrika. Misjonærane har også ansvar for ein arabisk-talande menighet i byen, eit arbeid som sakte, men sikkert veks frå år til år. Erika kjem  til å delta mykje i kvinnegruppene, medan Helge truleg får ha mykje med barnearbeidet å gjera saman med ein ung mann frå Brasil.

Helge Helle, Ucrew Spania 2017-18

Erika Lynn Solli, Ucrew Spania 2017-18

Save

Expand Lukk Søk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp