Meny

Topp stemning på basar på Kjeldsund

Foto: Arne Sivertstøl Last ned
Den 10. mars arrangerte Kjeldsundfamilien- ei støttegruppe for Kjeldsund, den årlege basaren til inntekt for utvikling av Kjeldsund leirstad og gjestegård.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det var fullsatt hus, og fantastisk stemning i lokala denne ettermiddagen.

Det vart selt kaffi, smørbrød og kaker, og det meste forsvant i løpet av dagen.

Arne Siverstøl viste film frå den store investeringa med gapa-huk og ny veg til gapa-huken og han la fram rekneskap for 2017.

Mange barnefamiliar tok turen og dei støtta med raus hand.

Stemninga var på topp då trekking av åresalet gjekk av stabelen.

Før den store dagen, var det selt mange loddbøker over heile søre Sunnmøre.

Gevinstane var i stor grad sponsa av gode støttespelarar frå private og bedrifter.

Resultatet blei 141.692 kr, noko som er rekord for arrangementet!

Til slutt blei dei avtroppande styremedlemane takka for innsatsen, og nye medlemar blei presentert.

No gleder det nye styret seg til å ta fatt på oppgåvene med å vidareutvikle Kjeldsund i lag med eigarselskapet og dei tilsette.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp