Meny

Stor feiring for avgangsstudentane

Foto: Foto: ETSC Last ned
44 studentar fekk utdelt vitnemål på avslutningsfesten på det teologiske seminaret i Kairo (ETSC) i juni, og vart feira med slekt og vener til stades.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Åtte av dei går inn i presteteneste i den presbyterianske kyrkja i Egypt, ti har tatt leiarutdanning , og dei fleste hadde tatt Master of Arts in Theology. Dette siste er det som i fleire år også er tilbode gjennom online-undervisning. NMS har støtta filialen i Alexandria, ein av byane der nettstudentane møtest for gruppearbeid og ein sjelden gong også saman med ein tilreisande lærar frå Kairo.

Neste semester tilbyr seminaret for første gong eit to-årig studium for kristne arbeidarar innan media. Studiet inneheld både teologi og leiing i tillegg til meir tekniske sider ved denne typen arbeid. Målet er å utrusta folk til å nå ut med evangeliet i sine lokalmiljø ved å bruka både tradisjonelle media og sosiale medier.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp