Meny

Søndagsskulen veks i Pakistan

Foto: JCRD Last ned
Fleire barn og fleire lærarar kjem til søndagsskulane som Church of Pakistan driv. Engasjementet er stort, og dei legg vinn på å gi god og variert opplæring både for barna og lærarane.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I sommar deltok 789 barn på Summer Fun School som 21 av lærarane organiserte. Det vart også arrangert eige kurs for lærarar, og 30 var med på det opplegget over fleire dagar i ferien. Dei fekk undervisning og fekk prøva seg med nye metodar og opplegg, og responsen var upåklageleg. Veldig nyttig, sa fleire av dei.

– No tør eg dramatisera historiene, seier Sadaf. Og Mussarat føler seg mykje tryggare på korleis ho skal samhandla og snakka med barna. Christina var ikkje så motivert i utgangspunktet, men fann ut at opplegget var akkurat det ho trong for arbeidet i søndagsskulen.

NMS gler seg over å vera med og bidra til at dette skjer gjennom sitt samarbeid med Church of Pakistan.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp