Meny

Smak av himmel

Last ned
Den årlige julefesten på Kjeldsund vart avslutta med tre-ringers juletregang med sangen Den himmelske lovsang. Det vart ein forsmak på det fellesskapet i himmelen da 130 unge og gamle fra mange nasjoner samla seg til julefest på Kjeldsund.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Tween Sing fra Ulsteinvik gleda forsamlinga med glade julesanger.  Gunnhild Bremer fra NMSU heldt andakt om Jesus som var brødet frå himmelen som kom til oss, om å ta imot Han og det han gir. Videre utfordra ho alle til å dele tid rundt middagsbordet, eller i gapahuken med andre. Ho fortalte og ei forteljing frå familiemiddagsressursene i NMSU om gjestfrihet i Etiopia med ei fortelling om Jonatan som delte nistepakka si med dei som ikkje hadde nok heime.

Barn og unge får mange nasjonar ilag på Kjeldsund

Jessica Stahler og Luis Bach er utvekslingsstudenter frå Hald i Møre i år og delte på julefesten fruktene frå arbeidet i den lutherske kirka i Brasil som har vakse fram med støtte frå NMS.  Jessica poengterte at ringen no er slutta ved at Brasil sender ut misjonærer til Europa, og den lokal kyrkja som ho går i støtter planter kyrkjer i Nord-Øst Brasil. I år er det også plassert norske Hald-studenter der og dette blir eit rikt bilde på korleis den verdensvide kyrkje støtter kvarandre og er saman om kyrkja sitt misjonsoppdrag.

Før kaffien inviterte Jan Ove Kleppe som leia festen fram 12 år gamle Inda frå Midtausten. Familien mista alt dei hadde då byen deira vart bomba fullstendig saman. No er dei busett på Søre Sunnmøre og vi fekk høyre litt om korleis det hadde vore å komme til Norge.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp