Meny

SAT-7: kyrkja i Algerie veks trass motgang

Foto: SAT-7 Last ned
Produsentane Samia og Salah Kessai gler seg over at kyrkja deira endeleg har opna att. Den har vore stengt i fleire månader, men no får dei på ny feira gudsteneste der. Samia og Salah er frå Algerie og lager program for SAT-7 Arabic frå landet sitt. Talet på kristne veks stadig. Då kyrkja deira opna i juni, vart 67 nye kristne døypte, og det hender rett som det er at talet er høgare enn det på dåpsgudstenestene.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det er siste nummer av SAT-7 sitt blad Insight som mellom anna har ein artikkel frå Algerie der Samia og Salah Kessai vert intervjua.  Enno er bladet berre på engelsk, men norsk omsetting kjem etter kvart på nms.no/midtosten.

Rapportar som denne er oppmuntrande å få samstundes som SAT-7 møter store utfordringar. Då styret var samla i Beirut i juli, måtte dei setja foten ned for eit ønskje om å gå over til full HD-produksjon i løpet at dei næraste to åra. Økonomien tillet ikkje det. På dagsorden stod også SAT-7 Academy, kanalen med skulefjernsyn for flyktningebarn. Vedtaket som vart gjort der var å flytta Academy tilbake til barnekanalen SAT-7 Kids. Det hadde både økonomiske og praktiske årsaker. Målsettinga med å tilby undervisning på alle trinn i grunnskulen står ved lag, men det blir altså som ein del av SAT-7 Kids.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp