Meny

Rikdom og fattigdom på Solskinsøya

Last ned
Sju medlemmer i Stranda NMS har vore på Madagaskar i haust. Engasjementet for landet har alltid vore der. Stranda kyrkjelyd har Madagaskar som misjonsprosjekt.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Norsk reiseleiar Jan Ove Kleppe inviterte oss til å ta med ekstra bagasje med gåver: kle og musikkinstrument.  Saman med han og 8 andre møtte vi vår gassiske reiseleiar Hasina Randriamahazo på flyplassen i Antananarivo. Ho var klar med minibussar og sjåførar, som tok oss med til vakre naturopplevingar, sterke møte med det gassiske folket, og flotte kulturelle og åndelege opplevingar.  Hovudstaden gav eit kontrastfylt inntrykk av moderne storbyliv, store område med rismarker midt i byen og uendeleg med slum og fattigdom.

Vi køyrde gjennom flotte landbruksområde i høglandet, og regnskog ned mot austkysten, padla på Pangalanakanalen, og fekk nærkontakt med Det indiske hav.

Møtet med folket og kyrkja var ei stor oppleving.  Det var utfordrande å møte fattigdommen.  Behovet for gåver var stort, både mat, kle og skuleutstyr.  Det vi hadde med til utdeling, var  ein dråpe i havet!  Gudstenestefelleskapet i fullsett kyrkje var ei oppleving! Søndagspynta vaksne og born deltok, ikkje minst med song.  Saman song vi Navnet Jesus så taket letta seg!

I prosjektet Hope for the future, starta av Hasina rundt reiseliv- og hotellverksemda hennar, fekk vi møte born og unge som hadde fått ei ny framtid.  Enkelt åkerbruk, i tillegg til gåver, gav dei mat og inntekt, betre skulegang og fritidsaktivsering med dans, musikk, sport, handarbeid og sundagsskule. Gleda over å delta og bruke talenta sine lyste ut av ansikta deira når dei dansa og song for oss.

Møtet med hyrdane i to omsorgssenter var utfordrande og sterkt.  Den gassiske kyrkja har 144 slike, og 44 000 hyrdar som arbeider frivillig mellom sjuke og utstøytte.  Vi fekk møte deira omsorg gjennom forbøn og fotvask og opplevde korleis dei tok seg av dei vanskelegstilte gjennom bøn og åndeutdriving.  Dette var uvandt og tankevekkande!

Frukta av norsk misjon var synleg i mange institusjonar vi besøkte:  Barneskular, barneheim, døveskule, jordbruksskule, systove, fattighus, no støtta eller drive av den gassiske kyrkja. Kyrkja og NMS driv kurs- og kultursenteret Lovosoa saman.

For oss frå Stranda var det spesielt å møte misjonær Arild Bakke med familie. Han er son av madagaskarmisjonærar, som har vore prestefolk på Stranda.

Vi sit att med ei gledeleg oppleving av at norsk misjon sitt engasjement på Madagaskar har ført til tru og framgang for mange gassarar. Misjonsengasjementet er styrka.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp