Meny

Religionsdialog på kvinnekonferanse i Pakistan

Foto: Church of Pakistan, Peshawar Last ned
24.mai møttest kvinner frå fleire distrikt i Peshawar 'fylke' til første samling for det dei har kalla "Toleranse og inter religiøs harmoni". Hinduar, sikhar, muslimar (både sunni og shia) og kristne var saman ein heil dag til foredrag og samtalar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Saman med Church of Pakistan stod Faith Friends og World Relief som arrangørar, og NMS på si side er med og finansierer samlingane. Etter oppstarten vil det bli arrangert tilsvarande dagar i byane deltakarane kjem frå. På den måten håper ein å nå fleire kvinner og gi inspirasjon og rettleiing i korleis dei kan vera aktørar for fred og samarbeid i sine lokalmiljø.

Som innleiarar på konferansen deltok kvinner frå universitetet i Peshawar, frå politiet og høgsterett, sjå bilder.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp