Meny

Rekordhøge sjåartal for SAT-7 ARABIC

Last ned
Ei fersk sjåarundersøking konstaterer at nesten 21,5 millionar menneske ser på SAT-7 sine tre arabiske kanalar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Undersøkinga vart utført i ti arabiske land mellom april og juli i år med eit representativt utval av målgruppa på over 27 000 vaksne. På grunn av den urolege situasjonen dei siste åra har det ikkje vore mulig å gjera ei slik undersøking sidan 2011, og auken sidan då er på meir enn 43 prosent.

Av dei 21,5 millionane er 16,8 vaksne, og av dei igjen er det 11,7 som ser minst ein gong i månaden, og dei resterande minst kvar veke og gjerne dagleg. Ein tredel av dei vaksne sjåarane bur i Egypt, og elles er det mange som følgjer SAT-7 i land som Saudi Arabia, Algerie og Marokko.

Barnekanalen SAT-7 KIDS har eit svært trufast publikum, minst 80 prosent av dei 4,6 millionar sjåarane ser på ein og fleire gonger i veka. Etter Egypt er det Syria, Marokko og Jemen som har høgast sjåartal.

Undersøkinga vart gjort av IPSOS.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp