Meny

Pakistansk biskop på partnermøte i Oslo

Foto: NMS-info Last ned
Det årlige samarbeidsmøtet mellom skandinaviske partnarar av Church of Pakistan (CoP) hadde for første gong møtet sitt i Oslo denne veka. Leiande biskop Humphrey Peters kom frå møte med paven i Roma til våre uformelle samtalar på NMS-kontoret i Oslo.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Relasjonane til dei skandinaviske kyrkjene går mange år tilbake. I dag har ingen av oss utsendingar i Pakistan, men FELM (Finnish Evangeliscal Lutheran Mission) hadde utsending i landet eit stykke inn på 2000-talet. Både Danmission, Svenska Kyrkan, Ekumeniakyrkan og NMS i tillegg til FELM, støtter no eitt eller fleire enkeltprosjekt i CoP og etablerte for nokre år sidan dette møtepunktet for å dela erfaringar og drøfta strategi og samarbeid.

Kirkens Nødhjelp har eige kontor i Pakistan, og difor var det også nyttig å ha med oss påtroppande landansvarleg Anne Masterson i samtalane. Ho flytter til Islamabad over nyttår.

Biskop Humphrey understreka kor viktig det er at kyrkja blir verande i landet. Difor arbeider han særleg med relasjonsbygging til styresmaktene og storsamfunnet parallelt med at kyrkja aktivt driv relasjonsbyggande arbeid på grasrota. Faith friends (ein paraplyorganisasjon der folk frå ulike religionar) arrangerer workshops og seminar der ulike grupperingar møtest og blir kjent, og biskopen har vore aktivt med i dette i sitt eige bispedøme, Peshawar, i mange år.

NMS støtter søndagsskulearbeidet i Raiwind bispedøme og etablering av ein felles administrasjon for kyrkja som skal koordinera og samordna arbeidet i dei åtte bispedøma.

Ein annan partnar for NMS er CLAAS (Centre for Legal Aid, Assistance and Settlement). Det er ein sjølvstendig menneskerettsorganisasjon som arbeider nært CoP med praktisk og juridisk hjelp til forfølgde minoritetar, for det meste kristne.

På bildet frå høgre: Johan Hasselgren, Svenska Kyrkan; Anna Karin P. Stenbäck, Ekumeniakyrkan; Linnea Jimenez, Ekumenia; biskop Humphrey Peters, Anne Masterson, KN; Elisa Nousiainen, FELM; Karsten Flemming Thomsen, Danmission og Åslaug Ihle Thingnæs, NMS.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp